Jørgen Amdam tek til som ny rektor
Onsdag 1. august tek Jørgen Amdam til som ny rektor ved Høgskulen i Volda, saman med Anne Øie som er ny prorektor. Dei er valde for perioden 2007 til 2011. Amdam tek over etter Gunnar Stave, som har vore rektor sidan 1997. Dei nyvalde tilsettrepresentantane til høgskulestyret fungerer også frå 1. august, saman med dei eksterne styrerepresentantane Kunnskapsdepartementet har oppnemnd.
I dag, onsdag 1. august flytta Jørgen Amdam inn på rektorkontoret i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen.
- Det er ein glad dag, smiler Amdam. Han har vore tilsett som professor ved Avdeling for samfunnsfag, og går no inn i rolla som høgskulerektor fram til neste rektorval i 2011.
Vidare satsing på studiekvalitet
- Vi er ein velfungerande høgskule med høg kompetanse, godt renommé mellom studentar, fagfellar og i samfunnet – og vi samarbeider godt med samfunnet vi er ein del av, seier ein stolt rektor.
- Høgskulen i Volda er i det heile ein veldriven høgskule som vi vil utvikle vidare.
- Vi ønskjer oss framleis aktive, sjølvgåande og kritiske studentar, vi har sterk fokus på studiekvalitet og vi skal tilby det beste av undervisning, IT tilbod, bibliotek for studentane.
- I tillegg til å arbeide for dette vil vi satse enno meir på undervisningskvaliteten gjennom fokus på universitets- og høgskulepedagogiske tiltak og ved å satse vidare på studiekvalitet og samfunnskvalitet, seier Amdam.
Studenten i sentrum
- Høgskulen i Volda er utdanningsinstitusjon med over 3000 studentar og snart 300 tilsette, så vi må ta omsyn til at ulike grupper av studentar har ulik situasjon og utfordringar og må utvikle fag, fagadministrasjon og administrasjon deretter.
- Studentane må stå i sentrum for oss alle, understrekar Amdam.
- Det betyr at vi må ha eit aktivt samarbeid med kommunen, frivillige lag og organisasjonar og næringslivet for å utvikle Volda og regionen til den beste studiecampus i Skandinavia.
Nytt styre
Rektor er leiar for styret for Høgskulen i Volda. Det nye styre har ei ny samansetjing med nyvalde tilsettrepresentantar, i tillegg til dei eksterne styrerepresentantane som Kunnskapsdepartementet har oppnemnd.