Karrieredagar for over 2000 elevar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Denne forma for karriereveiledning er del av eit nytt fag i skulen som heiter "Utdanningsval".  Målet for faget er å gje elevane betre føresetnadar å gjennomføre utdanningsløpet sitt. Elevane skal også få betre grep og kunnskapar om ulike utdanningsvegar og yrke gjennom betre karriereveiledning  og  utprøving i arbeidslivet.

 

Samarbeid

Karrieredagane er eit prosjekt initiert av Møre og Romsdal fylke. Nytt av året er at den tradisjonelle Yrkesmessa på Søre Sunnmøre  har blitt slått saman med Karrieredagane. Elevane skal difor vere ein halv dag ved Høgskulen i Volda og ein halv dag i Herøyhallen  der ulike verksemder på Søre Sunnmøre skal stå for  det faglege opplegget.

 

7c91503b779d5f3b8fa92cca35b29210e0e2ec8a

Elevar frå alle kommunene i Sjustjerna vil få innblikk i ulike utdanningsvegar og yrke. 

 

Stort

- Dette er ei formidabel oppgåve for oss. Til saman vil om lag 2100 elevar frå Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid kome til høgskulen over tre dagar, rundt 700  kvar dag, seier prosjektleiar Torill Engeseth og logistikkansvarleg Eirik Beck.

 

Mange moglegheiter

- Årets tema for Karrieredagane 2009 er "Dobbelt så mange moglegheiter". Ei klar målsetting for Karrieredagane er å vise fram dei mange spanande arbeids- og utdanningstilboda vi har i fylket, seier Engeseth.

 

Del på