Kunnskapsminister Øystein Djupedal til Volda
Kunnskapsminister Øystein Djupedal skal møte faglege og administrative leiarar ved Høgskulen i Volda torsdag i denne veka. – Djupedal har ytra ønskje om å bli orientert om Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi vil også orientere statsråden om høgskulen sine strategiar, vår regionale rolle, planane våre for eit senter for kulturproduksjon i Volda og vår oppfølging av NOKUT si evaluering av lærarutdanninga, seier rektor Gunnar Stave.
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Kulturproduksjon i Volda
Om evaluering av lærarutdanninga i Noreg