Kvifor Volda?

Høgskulen i Volda har hatt ei fin auke i søknaden til allmennlærarutdanninga dei siste par åra. I år er det nesten 100 nye studentar på den fireårige utdanninga. – Nærleik til heimstaden, studiemiljøet og eit inntrykk av god fagleg kvalitet ved utdanninga er dei viktigaste grunnane til å velje Volda, seier informasjonsleiar Brandal.

Dette kjem fram i ei spørjeundersøking informasjonskontoret har gjennomført blant omlag 80 nye allmennlærarstudentar i Volda.

 

Bakgrunnen for spørjeundersøkinga er mellom anna at Høgskulen i Volda har hatt ei auke på 36,1% i søkjarmassen til den 4-årige allmennlærarutdanninga dei to siste åra. Her er ei oversikt over primærsøkjarar per studieplass til allmennlærarutdanningane i Noreg:

 

 

sok-per-studplass06

 

Eit anna viktig aspekt ved undersøkinga var å finne dei viktigaste grunnane til å velje lærarutdanning i Volda. Undersøkinga vart gjennomført v.h.a. spørjeskjema og samtale med alle studentane i fokusgrupper.

 

Dei viktigaste grunnane til å kome til Volda
Respondentane fekk m. a. spørsmål om å oppgi og prioritere dei tre viktigaste grunnane til å velje lærarutdanning nettopp i Volda. Dei viktigaste grunnane er nærleik til heimstaden, studiemiljøet og god fagleg kvalitet ved lærarutdanninga.

 

 

viktigaste_2

 

 

Dei nest viktigaste grunnane til å velje Volda er kvalitetar ved Volda som kultur, velferd og levekostnadar, god fagleg kvalitet i lærarutdanning og geografisk plassering.

 

 

2viktigaste

 

 

På ein god tredjeplass kjem nok ein gong kvalitetar ved studiestaden Volda, geografisk plassering og råd frå andre.

 

 

3viktigaste

 

Konkurrentane

Dei aller fleste som var med i undersøkinga hadde Volda som førsteprioritet. Denne tabellen viser kva andre stadar med lærarutdanning respondentane hadde søkt på.

 

alternative-stadar

 

Viktigaste kjelder for informasjon

Eit fleirtal oppgir personar som står dei nær og noverande og tidlegare studentar som den viktigaste kjelda til informasjon om Høgskulen i Volda i den første fasen. Nok ein gong får vi stadfesta at nøgde studentar er eit av våre viktigaste kort i rekrutteringsarbeidet.

 

Internett er den suverent viktigaste kanalen for å skaffe seg meir informasjon om studia og studiestaden Volda. I samtalane med studentane kom det fram at dei fleste hadde eit positivt inntrykk av informasjonen på HVO-veven, men mange hadde kritiske merknader når det gjaldt å finne meir utfyllande studieinformasjon og praktisk informasjon. 

 

Også studiekatalogen er ei viktig kjelde for meir informasjon.

 

Når det gjeld annonsar i pressa, har høgskulen størst sjanse for å treffe denne målgruppa gjennom lokalavisene sjølv om mange stadfestar at dei også har lest utdanningsbilag i riks- og regionsaviser.

 

Dette er i stor grad i samsvar med det som har kome fram i liknande undersøkingar.

 

Profil - image gap?

Under samtalane med lærarstudentane fekk vi høve til å få synspunkt på om dei synest det var eit tilfredsstillande samsvar mellom slik høgskulen profilerar seg i marknadsføringa og det bildet (image) dei hadde skapt seg av HVO og Volda gjennom andre kjelder. Eit stort fleirtal synest det var eit godt samsvar mellom profilering og image. Det var og ein bra balanse mellom informasjon om studietilboda, studiemiljøet og Volda generelt.  

 

Den utbreidde oppfatninga om det gode studiemiljøet er ein heilt sentral pilar i merkvara Volda. Mange trekte også fram den faglege kvaliteten ved lærarutdanninga,  t. d. kvaliteten i det faglege rettleiingsarbeidet. Nokre vil nok stusse over at dei praktisk-estetiske faga (og andre valfag) synest å ha mindre "trekk-kraft" på søkjarar til allmennlærarutdanninga enn det ein kanskje skulle tru. Av dei som la vekt på dette aspektet ved lærarutdanninga, var det flest som nemnde tilboda innan friluftsliv.

 

Førstelinjetenesta

Alle førsteprioritetssøkjarar vart i år oppringt av den såkalla førstelinjetenesta. Målet er å yte sørvis og rettleiing til søkjarane. Dei aller fleste i utvalet opplevde dette som svært positivt. Ein typisk kommentar:  - Telefonen var overraskande og positiv. Eg vart så glad, seier Randi frå Molde. 

 

Ingen oppgir at telefonen var direkte avgjerande for valet av Volda som studiestad.

Del på: