Millom Bach og belg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Opplevingssenter for inspirasjon, nyskaping, allkunst, helse og mental oppdrift

Bak prosjektet innOvata står tre selskap i Volda: Egget Eigedom AS, Volda Hotell AS og Nordvestkompetanse Eigedom AS. innOvata vil byggje nytt hotell, nytt kulturhus, nytt kulturproduksjonssenter for Høgskulen i Volda og, sist, men ikkje minst, "Egget", ein nyskapnad innan musikalsk oppleving, audiovisuelt konsertlokale, planetarium m.m. Prosjektramma er på 215 millioner kroner.

 

Arkitektkonkurranse

I 2005 lyste innOvata ut ein arkitektkonkurranse. Innbydarane si målsetting var ambisiøs og entusiastisk. Opplevingssenteret skal vere i ein bygning som - er open; som inviterar publikum inn; som er i aktiv dialog med bygdesamfunnet rundt - er fylt av aktivitetar; som pulserar av liv gjennom døgnet - er uhøgtideleg, uformell, venleg, inviterande - legg til rette for ”fri flyt” av publikum, arrangement og hendingar; for improvisasjonar - gir alle dei ulike funksjonane ein samlande identitet Samstundes er det ein ambisjon å kunne utforme og plassere eit stort bygningsvolum utan å forvrenge bygda sin målestokk. I eit topografisk landskap skal bygningen opplevast i ein samanhang, som ein del av bygdas landskap, på nært og fjernt hald, ovanfrå, nedanfrå, innanfrå.

 

Vinnarane

På ein pressekonferanse måndag 13. mars kunne endeleg juryen med sivilarkitekt Karl Viggo Hølmebakk, sivilarkitekt Ervin Strandskogen, Nils Martin Romestrand (egget Eigedom AS), Bjørn Skogen (Volda turisthotell) , Hallvar Vassvik (leiar i innOvata), Ragnhild Aarflot Kalland (Volda kommune) og Jan Driveklepp (Høgskulen i Volda)presentere vinnaren.

 

- Juryen meiner at alle dei tre innkomne prosjekta er på eit høgt fagleg nivå. Vinnarprosjketet, ”Millom Bach og belg” frå BGO Arkitekter og Medplan AS, er klart og oversiktleg. Ambisjonane som det er gjeve uttrykk for i tekstdelen går klart fram i det teikna prosjektet. Både BGO Arkitekter og Medplan AS held til i Oslo. Bergersen Gromholt og Ottar Arkitekter (BGO) har tidlegere tegna mellom anna Skedsmo rådhus i Lillestrøm, Norges Landbrukshøgskole på Ås og Rikshospitalet på Gaustad i Oslo, sa prosjektleiar Hallvar Vassvik.

 

 

vassvik-melding
Hallvar Vassvik er prosjektleiar i innOvata.

 

Arbeidet vidare

Det står framleis mykje arbeid att før eit nytt kultursenter kan stå ferdig. For det første reknar ein med å bruke eit år på å gjere skissene ferdige, og det står enno mykje att før finansieringa av senteret er på plass. Det er ein føresetnad at alt vert bygt samtidig.

 

jury-melding

Jury: Hallvar Vassvik, Karl Viggo Hølmebakk, Ervin Strandskogen, Jan Driveklepp (Høgskulen i Volda), Ragnhild Aarflot Kalland (Volda kommune), Nils Martin Romestrand (egget Eigedom AS), Bjørn Skogen (Volda turisthotell).

 

Kulturhuset

Kulturhuset kan bli bygda si nye storstove og er difor lagt nedst på tomta, med eit volum som vender seg mot bygdesentret. Kulturhuset skal vere ope, inviterande, lett tilgjengeleg - store glasfasader understrekar dette. Kinoen er lagt nedst i anlegget, med eigen inngang til ein foajé som via rampe er forbunde med dei andre publikumsareala. Med store glasveggar som fasader, kan Voldasalen vere i aktiv dialog med livet utanfor og vice versa, når det høver slik. Glasveggane kan stengast av med store, innvendige skyvefelt som òg fungerar som akustikkflater, og salen vert lukka som ein meir tradisjonell teater- eller konsertsal. Hovudplanet for Voldasalen ligg på kote 22, med eit øvre plan på kote 27, som kan stengast av og nyttast som eigen sal. På begge desse plana er det teleskopamfi for publikum, med 550 plassar på nedre plan og 250 på øvre. Regirommet er lagt under salens øvre plan, og er felles for kinoen og Voldasalen. Ved større filmframsyningar kan Voldasalen nyttast som kino. Salen kan opnast mot publikumsfoajeen med store, svingbare veggfelt – og inngå som ein del av eit stort arrangementsområde med salar og foajéar. Sjølve salen kan og delast opp i fleire mindre salar. Scena ligg på same plan som varemottaket, med dør direkte inn frå dette. Scenelageret er lagt i underetasjen, på nivå med scenegarderobane. Eigen heis og trapp knyter underetasjen til eit felles ”backstage”- areal for Voldasalen og Black Box. Den øvre salen har tilgjenge via eigen trapp eller heis, med eit eige foajéareal svevande over den store publikumsfoajéen.

 

senteret1
Inngangen til storsalen, Egget og hotellet sett frå sentrum.

 

Kulturproduksjonssenteret

I tillegg til å vere ein høgt kvalifisert produksjonsstad for alle typer kulturuttrykk, skal kulturproduksjonssenteret òg vere i dialog med publikum i bygget. Black Box vert eit viktig rom i det samla anlegget. Kulturproduksjonssenteret er difor lagt med Black Box som det sentrale rommet. På hovudplanet ligg verkstadene, i tilknyting til varemottaket og med lett tilgjenge til scena i Voldasalen. Bandrom og atelier ligg òg på hovudplanet og kan nås frå publikumsfoajéen. Atelieret, som er eit høgt rom med høgtsittande ljosinnfall frå nord, kan opnast mot foajéen og t.d. nyttast til utstillingar. Black Box ligg som eit høgt rom med direkte tilgjenge via lydsluse frå myldrearealet. Rommet skal vere ein optimalt fleksibel spelestad, med skiftande spele- og publikumsposisjonar. Alle scenegarderobene er samlokaliserte, og ligg på underetasjenivå på kote 18. Læremiddelproduksjonen med tilhøyrande funksjonar er lagt på kote 26, og nås via trapp og heis frå myldrearealet. Atelieret har kontakt med båe plana.

 

tak-melding

Eit sentralt arkitektonisk grep er å dekke senteret med ein grøn plen, noko som gjer at anlegget går fint inn i terrenget.

 

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er ein sentral aktør i kulturproduksjonssenteret gjennom samarbeidet med Den kulturelle skulesekken. Høgskulen skal med sin kompetanse i samarbeid med Fylkeskulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke utvikle kulturproduksjonar som skal presenterast i skuleverket.

 

- Vi er godt nøgde med den løysinga som er presentert. Skissa innfrir på ein god måte tankane Høgskulen i Volda har for slike lokale, seier høgskulen sin prosjektleiar Jan Driveklepp. Han understrekar at endeleg avtale om leige ikkje ligg føre enno.

 

Egget

Egget er det berande motivet / varemerket for kultursatsinga Innovata i Volda, og vil bli ein identitetsskapar for lokalsamfunnet. Romprogrammet for Egget inneheld også Kjelda og Konkylien. Egget er konstruert med eit indre og eit ytre skal – innafor det indre skalet ligg sjølve konsertsalen med scene og publikumsareal. Klangkammeret ligg mellom indre og ytre skal saman med gangareal og ramper inn til ulike nivå i salen. I tillegg rommer mellomromet tre opplevingsrom og ei sklie som ender i Kjelda.

 

oversikt-meld

 

 

Eggsalen

Eggsalen er ein konsertsal for akustisk musikk som skal romme 300 personar. Det er sett krav til sterkt variabel / fleksibel etterklangstid eller elastisk akustikk i salen – frå ca 1 sekund og opp til ca 10 sekundar. Eggforma skaper utfordringar i høve til tradisjonell musikk, då den i utgangspunktet er det stikk motsatte av ”skoask”-forma, som oftast vert brukt i konsertsalar. Dette blir, når salen skal fungere i denne samanhengen, kompensert ved hjelp av akustiske element og brotne flater. Dei akustiske elementa er plassert i kvelvinga over amfiet og vil også kunne brukas til projisering av bilete. Scenearealet til eggsalen er lagt ned på kote 18, med direkte inngang frå felles scenegarderober, diverse lager og transportkulvert. Denne transportkulverten nås via heis som står i tilknyting til varemottak/inntransport. Publikumsamfiet strekker seg frå scenen og opp til kote 24, med inngangar på kote 22 og 24. Då det er ynskje om å kunne sjå bilete i kvelvinga, må seta i salen kunne vippe. Dette kan gjerast ved å ha ein vippefunksjon på stolen med ei utløysarmekanisme. Kontrollromet er plassert i bakkant av amfiet.

 

Akustikk
Akustikken vil i stor grad styre utforminga av Egget. Eggforma er utfordrande, den strir i utgangspunktet mot normale akustiske prinsipp. Forma er likevel valt ut i frå dei multifunksjonele krava som er stilt i programmet. For å ivareta normal etterklangstid for akustiske konsertar, er det indre skalet tenkt bygt opp i betong, men med innvendig kledning i tre eller gips som dannar oppbrotne flater i veggane. Taket skal både kunna skyvas bort når etterklangstida skal aukas og vera ei projeksjonsflate for bilete. Dette kan løysas ved å bruke lett skalkonstruksjon med tung isolasjon som er kledd med duk inn mot salen. Denne vil vera med på å betre lydhøva i ”normal” situasjon og samstundes fungere som projeksjonsflate. Når etterklangstida skal opp, forsvinn den lette skalkonstruksjonen ned langs sidene på utsida av det indre skalet og opnar salen opp mot klangkammeret. Innsida av det ytre skalet er hard og glatt for å gje lyden størst mogleg refleksjonstid i kammeret. Installasjonar som ligg i mellomromet mellom det ytre og indre skalet, slik som trapper og plattformer, må vera perforerte.

 

egget-meld
Egget

 

Konkylien ( klangkammeret / mellomrommet )

Salen skal også fungere i høve der det er krav til lang etterklangstid. For å oppnå dette, er det etablert eit klangkammer i tilknyting til salen. Klangkammeret ligg mellom det indre og det ytre skalet i eggets øvre halvdel og skal bidra til den lange etterklangstida. Ved å opne øvre halvdel av det indre skalet, vert klangkammeret ein del av konsertsalen. Heile ytterskalet er i betong med glatt innvendig overflate. Volumet og overflatene i klangkammeret, meir enn forma, bidreg til å auke etterklangstida. På ei vandring i mellomromet som fører mellom inngangsplanet og opp til restaurantplanet, ligg tre opplevingsrom og rom for andre hendingar som kunstutstillingar, lyd ol. Det er også lagt til rette for trappearrangement opp til ulike nivå for artistar. Sklia ligg som eigen konstruksjon på innsida av ytterskalet, frå toppen av egget og ned til Kjelda. Via Kjelda når ein ei trapp som går i mellomrommet opp til toppen av sklia og sklia endar opp i ei ”grotte” nede ved Kjelda.

 

Kjelda

Kjelda med tilhøyrande fasilitetar skal danne ramme rundt oppleving av oppdrift ved hjelp av lyd og visuelle effektar. Ho består av eit innandørs varmtvassbasseng med høgtalerar under vatn og areal rundt bassenget med plass for ulike kunstneriske utøverar. Frå bassenget kan ein symje under ei lita bro og ut i ein innvendig hage. Den delen av Kjelda som går langs nordsida av Egget vil få vegger med rennande vatn, ljos og andre effektar. Kjelda er skjerma mot hotellobbyen med ein innvendig hage og ved at den ligg på eit plan to meter over sjølve lobbyen. Mellom hagen og bassenget fører ei rampe opp til dette planet, med vegger inn mot bassenget i diffusert glass. Garderobane er lagt som ei øy i bakkant av arealet, saman med massasjerom. Forfriskingsbaren ligg fritt ute ved bassenget.

Teknisk rom ligg i plan med hotellobby og har adkomst inn til underside av basseng.

 

 

senteret2 
Hotellet i bakkant.

 

Hotellet

Den store publikumsfoajéen leiar via rampe opp til eit plan på kote 24, der hotellet sine servicefasilitetar ligg. Hotellobbyen ligg ut mot foajéområdet; restaurant og frukost-/lunsjsal ligg vendt mot sol og utsikt, med ein terrasse mot forplassen. Graden av avstenging mellom restaurant, bar og frukost-/lunsjsal kan varierast etter behov med store skyvefelt, slik at areala kan tilretteleggast for ulike arrangement og etter storleiken på desse. Frå ein messanin i restauranten kan ein nå ut på taket - takflata kan ved høve inngå i arrangementsflata.

 

Administrasjonskontora og kjøken med støttefunksjonar er lagt i bakkant av restaurantane, samla rundt ein avlukka, frodig hage som gjev dagsljos til arbeidsromma og hotellobbyen. Lobbyen ligg som ein passasje mellom to slike hagar. Varemottaket til hotellet er lagt ut mot S.H. Hallkjellsviks veg, ved sida av innkøyringa til parkeringsanlegget. Terrengtaket dannar eit overdekt, avskjerma varemottak.

 

Hotellromma

Ny hotellfløy er lagt i forlenginga av eksisterande. Saman dannar dei to lamellane ein fond for anlegget mot øst. I mellomrommet mellom dei to fløyene er det tilgjenge til takflata via ei utvendig trapp; bruer med glasvegger binder dei to fløyene saman. Det nye kulturbygget dekker konferansetilboda; ein tenker seg at eksisterande hotellauditorium vert riven og erstatta av ein forlenga hotellromsfløy. Eksisterande hotellfløy blir påbygt ein etasje.

Eksisterande restaurantfløy kan rivast. Arealet har potensiale for ei framtidig utviding av hotellet, eventuelt i ein kombinasjon med studentbustadane. 120 rom.

 

 

 

 

 

 

Del på