NETTOBUDSJETTERING

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Nettobudsjettering inneberer at vi får ei nettoløyving frå UFD. Denne tilsvarer differansen mellom brutto utgifter og inntekter. Vi disponerer fullt ut alle inntekter, og desse kjem i tillegg til nettoløyvinga frå UFD.

Tidlegare har vi disponert 2 bankkontoar i Noregs Bank, ein for utgifter og ein for inntekter. Desse har vore brukte for å styre kontantstraumane gjennom året. Ved årsskiftet har saldoen på begge desse kontiane vorte sett til null. Etter den nye ordninga får vi ein bankkonto der saldoen vert vår til odel og eige. Dette fører til at vi ikkje treng å søkje om å få overført ein eventuell rest av løyvinga frå eit budsjettår til det neste. Samstundes fører dette til at det vert vi sjølve som må syte for at der er pengar på bankkontoen for å dekkje alle utbetalingane gjennom året. Det vert svært avgrensa høve til å overtrekkje denne kontoen.


Mål med nettobudsjettering

UFD har sett opp 4 mål som utgangspunkt for innføring av nettobudsjettering:

Auka delegering: Det vil verte sett større fokus på resultat.

Den reelle storleiken på løyvinga vert meir synleg: Vi får nettoløyving av midlar.

Forenkling av rekneskap og rapportering: Rapporteringa av rekneskapsoppfølginga til statsrekneskapen går ut, og denne vert erstatta med ein likviditetsrapport.

Forbetre den interne styringa og planlegginga: Vi skal få betre grunnlag for å budsjettere og planleggje ved å sjå inntekter og utgifter under eitt.

Internt har vi ved høgskulen i Volda alt sidan 1995 fordelt vidare nettoløyvinga til ordinær drift. Til UFD og finansdepartementet har vi likevel heile tida rapportert bruttosummar. Internt vil difor ikkje det nye systemet føre til endringar på dette området. Det nye vert at midlar til store nyinnkjøp vil inngå i same ramma. Det vert opp til eigne vurderingar å setje av nok midlar til investeringar. I den nye budsjettmodellen som vert sendt ut til høyring i slutten av mai, har vi teke høgde for dette ved at vi foreslår at det vert sett av ein fast prosent av løyvinga kvart år. Denne prosenten har vi normert på grunnlag av dei summane vi har fått øyremerka til dette frå UFD siste åra, jf både punkt 2 og 4.

Det vert mål nr 1 som vil vere den store, nye utfordringa for oss.


Nye utfordringar
Auka fokus på resultat: Vi får større økonomisk fridom, og rekneskapen vil betre vise ressursbruken sett i høve til resultatet.

Langsiktig økonomisk planlegging: Det vert stilt større krav til langtidsplanlegging og budsjettering.

Intern kontroll: Det vert stilt større krav til intern kontroll og styring, og dette fører til krav om ny kompetanse og endra rutinar. Vi må utvikle og innarbeide nye rutinar, og det vil vere nødvendig med opplæring.

Rapportering: Å vise resultat vert det viktigaste i rapporteringa til UFD.

Likviditetsstyring: Vi må syte for god kontroll med kontantstraumane for å unngå negativ likviditet

Ny økonomimodell: Vi får ny kontoplan, og dette vert den største endringa i den reviderte økonomimodellen.

Ny avtale med skattefuten: Høgskulen i Volda har avtale med Skattefuten i Møre og Romsdal om registreringar i det statlege lønssystemet, SLP. I samband med overgang til nettobudsjettering vil vi ta over fleire arbeidsoppgåver frå skattefuten.

Som økonomisystem vil vi framleis nytte AGRESSO. Dei svake punkta som følgjer av lønssystemet SLP, må vi leve vidare med til eit nytt løns- og personalsystem er på plass (i beste fall om 1-2 år).




Høgskuledirektøren har peika ut denne prosjektgruppa:
Edel Vatne Roald, leiar
Idar Mjånes
Rigmor Jørgensen
Irene Osvoll

Prosjektgruppa er ansvarleg for at overgangen vert gjennomført på ein
god måte, og i samsvar med ein fastlagt aktivitetsplan.

Kontorsjefane saman med økonomisjef og høgskuledirektør er peika ut som styringsgruppe.


Sentral prosjektorganisasjon
UFD har oppretta ein sentral prosjektorganisasjon som skal kvalitetssikre omlegginga ved alle dei 27 institusjonane som går over til nettobudsjettering frå 1.1.2003.

Prosjektorganisasjonen legg opp til at all sentral informasjon skal leggjast ut på eiga heimeside under UNINETT:




 

Del på