Nybygget - ombygging ved ALU

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Berte Kanutte-huset
Denne veka kunne Berte Kanutte-huset ha blitt overlevert til oss. Statsbygg tok nemleg over huset førre veke, og har søkt Volda kommune om ferdigløyve. Vi vil nok vente til tidlegast 1.4.98, både for å spare husleige og for å få noko tid til å sjå gjennom huset. I alle fall har vi god tid til å planleggje innflyttinga sidan møblane kjem først rundt midten av mai, og så skal dei monterast. Vi ser no at møblane med fordel kunne ha kome før, men EØS-krava seinka arkitektane i arbeidet med anbud ol. Det meste av den praktiske flytteprosessen vil difor starte opp i juni.

Den offisielle opninga og overtakinga skjer neppe før i september, og rektor har planar om ei skikkeleg markering av huset og høgskulen då.


Ombygging/påbygging ved ALU-bygga
I førre veke (10/98) var representantar for Statsbygg i Volda og presenterte eit nytt framlegg for ombygging/påbygging ved ALU-bygga. Etterkvart viste det seg at det vart gjennomslag for ein modell som kort sagt går ut på følgjande:

· kontorpåbygg på nyedelen av Kaarstad-huset, med i alt 37 kontor
· dramapåbygg i søraust-hjørnet av nyedelen av Kaarstad-huset
· innreiing til heimekunnskapsrom i underetasjen i Idrettsbygget
· omgjering av Nedretun til reint kontorbygg
· ei viss ombygging og vedlikehald av gamledelen av Kaarstad-huset

Så får vi vone at dette kan realiserast innanfor ramma på 11,16 mill kr, for meir får vi ikkje!

Omvising i Berte Kanutte-huset
Det er planlagt to omvisingar i Berte Kanutte-huset. Den første er spesielt for alle tilsette ved AHF, og vil finne stad tysdag 17. mars kl. 14.00. Andre omvising er tenkt for alle andre tilsette som ynskjer omvising med orientering, og denne vert onsdag 18. mars kl. 14.00.
Påminning vil verte sendt ut på cc:mail til alle på måndag.



Høgskuledirektør Driveklepp

Del på