Nye styremedlemmer ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Politisk redaktør Harald Kjølås i Sunnmørsposten og trygdesjef i Ørsta Beret Melle sit ein periode til som styremedlemmer, medan Per Eivind Kjøl frå NTNU og Elisabeth Sundgot, distriktsarbeidssjef ved Aetat Ulsteinvik er nye eksterne styremedlemmer for perioden 1. august 2003 til 31. juli 2007.

Utdannings- og forskingsdepartementet oppnemnde også varamedlemmene Elling A. Dybdal, konserndirektør frå Tussa Kraft AS, Jessie Strand Fagervoll frå Borgund vg. skule og Magni Øvrebotn, distriktsredaktør i NRK.

Etter dei interne vala ved Høgskulen i Volda denne valperioden vart rektor Gunnar Stave attvald som rektor og Lidveig Bøe vart vald som prorektor. Desse vert leiar og nestleiar i styret. Dei andre interne medlemmene er førstelektor Odd Ragnar Hunnes frå Avdeling for lærarutdanning, høgskulelektor Hilde Opsal, også frå Avdeling for lærarutdanning og overingeniør Leif Roar Strand ved Drift.

Interne vararepresentantar for tilsette i undervisnings- og forskarstillingar er førsteamanuensis Atle Døssland frå Avdeling for humanistiske fag og høgskulelektor Bente Vatne, Avdeling for lærarutdanning. Vararepresentant for teknisk/administrativt tilsette er førstekonsulent Johann Wangen, administrativt tilsett ved Avdeling for lærarutdanning.

Studentrepresentantane er enno ikkje klare.

Del på