Nytt utgangspunkt for høgskulesamarbeidet
- Molde sitt nei gir oss no eit nytt utgangspunkt, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Gunnar Stave. Vi satsar framleis på å vidareutvikle god kontakt og samarbeid mellom høgskulane med tanke på å fylle våre roller som samfunnsinstitusjonar, påpeikar rektor Stave
Styret ved Høgskulen i Volda gjekk i går inn for å gå vidare eit hovudprosjekt der målet er å kartlegge opplegg for og konsekvensar av ein fusjon mellom høgskulane. Høgskulestyret tok med seg si innstilling til møtet mellom dei tre høgskulane, der Høgskolen i Molde gjekk mot ei vidare utgreiing av høgskulesamarbeidet.
Nytt utgangspunkt
- Molde sitt nei definerer ein ny situasjon, kommentere rektor ved Høgskulen i Volda, Gunnar Stave. Saka har no eit nytt utgangspunkt, med det resultat at vi må tenkje gjennom ein ny strategi, seier han.
- Vi satsar framleis på å vidareutvikle god kontakt og samarbeid mellom høgskulane med tanke på å fylle våre roller som samfunnsinstitusjonar, påpeikar rektor Stave.