Opninga av Berte Kanutte-huset

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Komiteen for opninga tenkjer seg at forskingsdagane vil bli ei fin fagleg ramme rundt opningsarrangementa.

I samband med opninga blir det eit særkilt program som er retta inn mot brukarane av huset og folket i regionen og bygda. Slik planane no ser ut, vil forskingsdagane få dei tre første dagane denne veka.

Torsdag 24. september er avsett til den offisielle opninga og festmiddag om kvelden for inviterte gjestar.

Fredag blir ein dag for opne arrangement av fagleg og kulturell karakter og ein mogleg fest om kvelden, mens laurdag blir dagen for ope hus for alle som ved sjølvsyn vil gjere seg opp ei meining om det mykje omtalte nybygget.

Det som kan skape noko forandring i denne vekeplanen er at datoen for den offisielle opninga må flyttast av omsyn til eksterne gjestar. Dette vil vi få avklart med det første.

Komiteen som arbeider med programmet for opninga utfordrar no fagmiljøa på alle nivå til å bruke dette høvet til å markere høgskulen i forhold til viktige eksterne grupper.

Dette er eit gyllent høve til å skape blest omkring høgskulen, og vise fram det vi har og som gjer oss til eit kompetansesenter både nasjonalt, regionalt og lokalt. Vi ser for oss at denne veka blir ei veke der aktiviteten blomstrar og trekkjer til seg lærarar, sosialarbeidarar, mediefolk, arbeidstakarar frå kommunar og kyrkjelydar og andre interesserte grupper og einskildpersonar.

Komiteen vil ta seg av hovudarrangementa og samordninga av aktiviteten, men utfordrar dei ulike fagmiljøa til å skape sine eigne program slik at dei hundre blomster kan blomstre denne veka.

Komiteen for opninga av Berte Kanutte-huset har desse medlemene: Bjarte Alme, Leif Barmen, Per Arne Brandal, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Kjell Holby, Gunnar Stave, Arne Kåre Topphol. Ta gjerne kontakt med ein av medlemene dersom du har gode idear.


- rektor

Del på