Oppstartsundersøkinga 2003 ved Høgskulen i Volda
Måndag sender HVO ut ein e-post med Oppstartundersøkinga 2003 til alle nye studentar. - Dette er god hjelp, kommenterer Jonny Roar Sundnes frå Studieadministrasjonen. Saman med respons på rekrutteringsarbeidet ved høgskulen gir undersøkinga oss viktige tilbakemeldingar om semesterstarten.
Det er viktig for Høgskulen i Volda å nå fram med informasjon til søkjarar og ta i mot nye studentar på ein god måte, forklarar Sundnes. For å verte betre treng vi studentane si hjelp.
Ved at førsteårsstudentane fyller ut spørjeskjemaet hjelper dei også andre som vurderer å kome til Volda.
Arbeidet med å evaluere semesterstarten er i gong. No får studentane sjansen til å seia si meining.
Undersøkinga er anonym, og tek omlag 8 minutt.
Sjå undersøkinga frå hausten 2002.