Oppstartundersøking blant nye studentar 2008
- Det er viktig for Høgskulen i Volda (HVO) å nå fram med god informasjon til potensielle søkjarar, yte god sørvis til og ta imot nye studentar på ein god måte, seier Per Arne Brandal ved informasjonskontoret ved høgskulen. Brukarundresøkingar er difor viktig. I desse dagar får omlag 1000 nye heiltidsstudentar ved HVO tilsendt e-post med spørjeskjema der dei vert oppmoda om å svare på spørsmål om kvalitet på informasjon og sørvis gjennom heile søkjarvegen frå første kontakt til og med innføringsveka.
Ole Martinus Breivik som er leiar i Studenttinget i Volda (STIV), oppmoder alle til å gjennomføre undersøkinga. STIV spelar ei viktig rolle ved studiestart, og har m. a. ansvar for fadderordninga.
- Feedback frå brukarane vil vere til stor hjelp i arbeidet med å utvikle og betre denne og andre tenester og ordningar, seier Breivik.
Undersøkinga er 100% anonym, og den tekca. 12-15 minutt å gjennomføre. Alle som tek del er med i trekninga av ein flott i-podClassic til ein verdi av ca. 2000 kroner.