Rådgjevarrolla på dagsorden

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av: Ingrid Redse Mjaaseth

Rådgjevarar frå heile regionen var samla ved Høgskulen i Volda for å setje fokus på utfordringar ved rådgjevarrolla.

Rådgjevartenesta si rolle
- Rådgjevarar har ei viktig rolle i Kunnskapsløftet i skulen, i tillegg til å halde på rekrutteringa til lokale næringar, fortalde prosjektleiar i Næringsliv i skolen, Guttorm Ulla.

guttorm

Guttorm Ulla, Næringsliv i skolen

- OECD sin rapport om rådgjevingstenesta frå 2002 skriv om ei fragmentert, mangelfull rådgjevingsteneste med svak profesjonalitet. Det vert sett for stor fokus på mykje informasjon til elevane, i staden for faktiske råd for den enkelte.

Utfordringa
- Utfordringa vert å rekruttere unge til fag der behovet er størst. Dette krev eit godt samspel mellom verksemder og utdanning, der ein spissar innhaldet i opplæringa og rettleiinga elevane treng på vegen inn i yrkeslivet, seier han.

- Ein vil oppleve ein auke i behovet for individuell rettleiing som gir samanheng og heilskap for eleven i utdanning og yrkesval. Utfordringa ligg i innhaldet for god kompetanseheving også for rådgjevarar, i tillegg til sjølve organiseringa av rådgjevar-, eller karriererolla.

- Rådgjevaren må i større grad lære elevane å ta val i staden for å gjere vala for elevane, konstaterte Ulla.

Det individuelle valet
Astrid Falkum frå Sykkylven vidaregåande skule peika også på utfordringa i å vere ein god rådgjevar for elevane.

- Tid og ressursar er som regel for knappe, meiner ho.

- Ofte må ein ta lettvinte løysingar med berre ved å gje elevane mykje informasjon.


- Det ideelle er å ha tid til å setje seg ned å hjelpe kvar einskild elev med sjølv å ta val ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg.
 

Del på