Rektorvalet: Paneldebatt i BK-kantina
Det vert debatt og høve til å stille spørsmål til dei to rektorata som stiller til val i BK-kantina torsdag 16. november mellom kl. 12.00 og 14.00. Paneldebatten vert leia av Arnfinn Kjelland frå AHF.
Dei to rektorkandidatane har meldt inn følgjande prorektorkandidatar
Jørgen Amdam har meldt inn Anne Øie som sin prorektorkandidat.
Anne Øie er tilsett i pedagogikkseksjonen og i dag dekan ved Avdeling for lærarutdanning.
Denne funksjonen har ho hatt sidan 1999.
Sverre Liestøl har meldt inn Lidveig Bøe som sin prorektorkandidat
Lidveig Bøe er tilsett i pedagogikkseksjonen og i dag prorektor ved Høgskulen i Volda.
Denne funksjonen har ho hatt sidan hausten 2002, m.a.o. i den siste rektorperioden til Gunnar Stave.
Les meir på www.hivolda.no/rektorval