Samordna opptak: 11 prosent fleire primærsøkjarar til HVO

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Blant dei som aukar mest

Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt høge studenttal, men talet på primærsøkjarar i SO-opptaket har dei siste åra gått ned. I år viser tala så langt at Høgskulen i Volda har framgang både i talet på søkjarar totalt (6374 mot 6085) og på primærsøkjarar (1302 i 2006 mot 1185 i 2005, i alt 11% auke). Dette plasserer Høgskulen i Volda på 8. plass blant dei 15 lærestadane som har hatt framgang i 2006. 49 universitet og høgskular er med i SO. To universitet, NTNU og Universitetet for miljø- og biovitenskap, viser framgang i høve til i fjor så langt i opptaket. Dei andre universiteta opplever tilbakegang.

 

- Det er spesielt gledeleg at høgskulen med dette har greidd å snu ein viss negativ negativ trend, seier rektor Stave, som legg til at årets rekrutteringskampanje har hatt ein auka innsats mot potensielle heiltids-/campusstudentar.

 

Allmennlærar- og førskulelærarutdanningane

Tala frå SO syner at den fire-årige allmennlærarutdanninga har ein auke i primærsøkjartalet på rundt 34% (109 primærsøkjarar til 60 studieplassar). Førskulelærarutdanninga på heiltid viser også ein framgang på knappe 8%, mens deltidsvarianten viser ein formidabel auke på heile 265% (auke frå 25 til 95 primærsøkjarar).

 

Kontorsjef Bjørn Krøvel ved Avdeling for lærarutdanning synest framgangen til lærarutdanningane og fag som kan gå inn i lærarutdanningane, er svært positiv.

 

- Med tanke på at auken til lærar- og lektorutdaningar på landsbasis er på 14%, så er dette svært hyggelege tal, seier han.

 

Humanistiske og praktisk-estetiske fag

Tilboda innan historiefaget viser ein framgang på vel 140%, norskfaga noko meir med 150%.

Også musikk årsstudium (+ 38%), animasjon (+22%) og drama (+50%) viser fin auke i talet på primærsøkjarar.

 

studentar-melding

Fleire søkjer til Høgskulen i Volda

 

Medieutdanningane

Nasjonalt er det størst nedgang i talet på søkjarar til mediefag, biblioteksfag og journalistikk.

I Volda viser bachelorgraden i media, IKT og design ein fin framgang på 13%. Journalistutdanningane i Volda har formidable 1052 søkjarar til 57 studieplassar. Det er rett nok ein nedgang frå i fjor, og talet på primærsøkjarar har gått ned frå 260 til 204. Også bachelorgraden i informasjon og media viser nedgang.

 

Andre utdanningar

For dei andre studietilboda som er utlyste gjennom Samordna opptak er det små endringar. Sosionom og barnevern ligg om lag som i fjor, og har godt med søkjarar per studieplass.

 

Færre søkjarar nasjonalt

Samordna opptak (SO) har per april 2006 registrert rundt 93 500 søkjarar til høgare grunnutdanning, ein nedgang på 2,7 % frå 2005. Dette er første gong på 2000-tallet at SO ikkje registrerer ei auke i søkjartalet.

 

Tala over er henta frå det som vart publisert av SO kl. 1200 torsdag 27. april. Endringar kan skje utover dagen.

 

Les meir på Samordna opptak:

http://www.samordnaopptak.no/

 

Lokalt opptak

Rektor Stave minner om at opptaket til høgskulen ikkje er over med dette. Høgskulen har også eit stort lokalt opptak, så dei endelege søkjar- og studenttala for 2006 vil ikkje bli klare før etter semesterstarten i august.

 

 

Meir info

 

Kontakt rektor Gunnar Stave på tlf. 91 57 34 71

Del på