Siste nr. av IFA

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Nytt frå arkivet: «DokSkan» er på lufta!
Arkivet sitt mål er å samle, ordne, oppbevare og gjere tilgjengeleg dokument som har verdi for sakshandsaming og dokumentasjon. For å vere mest mogeleg effektive og kvalitetsbevisste i dette arbeidet, har HVO no teke i bruk ein ny modul i SaksArkiv-systemet. Dette er modulen DokSkan, og den vil gjere innkomen post meir tilgjengeleg for alle og redusere kostnadane med kopiering.
Denne modulen kan skanne innkomne brev og knyte dei til korrekt sak og dokumentnummer i arkivsystemet, slik at brukarane kan lese opplysningane på skjerm.

No i starten vil alle inngåande brev frå KUF (frå og med oktober 1998), som kan ha interesse for fleire, verte skanna inn.

Alle som har tilgang på ModuLink kan no lese dokumenta, skrive dei ut, kopiere deler for bruk i Word osv. Dette gjer det også mogeleg med OCR-behandling av dokumenta etter kvart. Alt vart gått igjennom på arkivkurs, men har lærdomen falle ut, tek vi gjerne ein repetisjon.

Når det gjeld inngangen frå Word mot ModuLink SaksArkiv har ikkje HVO bestilt denne enno. Høgskulane i Bodø og Stavanger, som var i gang med installering, har lagt det på is inntil vidare.
Det viser seg at den versjonen som Posten SDS har klar, inneheld så mange feil at den ikkje vil bli sendt ut enno.
Tak kontakt med arkivet dersom du har problem med å finne dokumenta i fulltekst, vi er her for å hjelpe.
Marit H. Aarsæther


Hovudtariffavtalen i Staten 1. mai 1998 - 30. april 2000
Lokale forhandlingar første avtaleår
Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) og hovudsamanslutningane/Norsk Lærarlag, med unntak av AF, godtok Riksmeklingsmannen sitt forslag til ny hovudtariffavtale i staten. Partane vart i følgje avtalen samde om at det skal førast lokale forhandlingar innan ei ramme på til saman 0.55 % av lønsmassen med verknad frå 1. september 1998.

Rikslønsnemnda starta si behandling av tvisten mellom AF og staten den 15. september 1998. Resultatet vil truleg ligge føre i slutten av oktober. Fram til dette tidspunktet følgjer AF hovudtariffavtalen i staten for perioden 1996-98.

AAD vil sende ut brev til forhandlingsstadane om gjennomføringa av dei lokale forhandlingane så snart resultatet av tvisten mellom AF og staten ligg føre.

Ved HVO vil arbeidsgjevar og organisasjonane ha eit oppsummeringsmøte om bruken av vurderingskriteria i "Plan for lokal lønspolitikk" den 19.10.98. Vidare tidsskjema for forhandlingane vil vi kome attende til. Sverre Tverberg


Forskdok: Representant i referansegruppa
Bergljot Melsæter Worren er utnemnd av Bibsys som representant i referansegruppa til Forskdok. Dette er basen for forskingsaktivitet og utviklingsarbeid ved norske høgskular og universitet. Referansegruppa er Bibsys sitt kontaktorgan ut mot brukarane. I samarbeid med Bibsys arbeider gruppa med utviklinga, utforminga og bruken av Forskdok. Frode F. Birkeland
Personalkontoret:
Høgskulelektor Frode Opsvik tok til i stilling v/matematikkseksjonen, ALU 01.10.98.

Info. frå Statens Pensjonskasse:
Endra sakshandsamingstid for lån grunna stor pågang:
Lån til ny bustad - 2 veker
Lån for refinansiering etc. - mellom 2-3 mnd.

Samstundes blir det sagt at renta på lån i SPK blir regulert i takt med normrenta for fordelsbeskatning i arb.forhold, noko som skjer 1 gong pr. år, ofte ved årsskiftet. «Dagens gunstige situasjon vil derfor neppe vare lenger enn til januar, tror seksjonssjefen.»
Svanhild Sporstøl


Styremøte og styreseminar 5. og 6 november 1998
Torsdag 5. og fredag 6. november blir det arrangert styreseminar og -møte på Quality Ulstein Hotel, Ulsteinvik. Høgskulen i Volda - konsolidering eller vekst ? er sett som førebels tema for seminaret.

I korte trekk blir opplegget slik:
1. dag: Seminar
2. dag: Oppsummering av seminaret 1. dag.
Ordinært styremøte

Desse er inviterte til å delta på seminardelen: Representantane og vararepresentantane i styret, leiaren og nestleiaren i høgskulerådet, dekanane og kontorsjefane ved avdelingane, høgskulebibliotekaren, mellomleiarane og to representantar for Studenttinget i Volda.
Sissel G. Wahlstrøm


Administrasjonsseminar 1998 - Status for påmelding
Oppteljinga viser at 62 av dei teknisk/administrativt tilsette har meldt seg på administrasjonsseminaret. Det viser seg altså å vere stor interesse for den planlagte seminarturen på «bølgjan blå» !
Arrangementskomitéen sender ut meir informasjon om det faglege og sosiale opplegget i veke 43.
Dersom nokon har «gløymt» å melde seg på, er det ingen skam å vere etternølar !!
På vegner av arrangementskomiteen v/ Sissel G. Wahlstrøm

Dører og glas
Frå hausten 1998 er det nytt opplegg for opning, stenging , tilsynsvakter og vekting. Det er imidlertid noko som ikkje er nytt:
* Det er den enkelte tilsette som skal late att glaset på sitt kontor før ho/han går heim att
* Det er den siste som brukar undervisningsromma for dagen som skal late att glasa før ho/han forlet lokalet
Etter arbeidstid vert Kaarstad-huset og Idrettsbygget sjekka av tilsynsvakter, medan Objektsikring sjekkar alle dei andre bygga ved høgskulen. Tilsynsvaktene og Objektsikring skal kun sjekke at dører er låste og vindauge er igjen. Dei skal altså ikkje gå rundt på alle kontor og undervisningsrom for å gjere jobben for dei tilsette.
Det er i alle si interesse å hjelpe til med å halde husa stengde. Det er lite triveleg å kome på jobb dersom det har vore ubedne gjestar inne på høgskulen, eller at ein hauststorm har "rydda pulten".
Objektsikring og tilsynsvaktene melder frå om kontor der glasa ofte er opne. Dei som har desse kontora, vil få ei påminning på e-post. Nokre har allereie fått slik påminning.
Alle kan altså bidra: Lat att glaset når du går heim!
Leif Roar Strand

Del på