Søkartala: Positiv utvikling
Rektor Jørgen Amdam ser med glede på den positive utviklinga i søkinga til Høgskulen i Volda (HVO) gjennom Samordna opptak (SO). Talet på primærsøkarar held seg på same nivå som i fjor. - Om ein tek omsyn til deltidstilbod som berre blir utlyst annakvart år ikkje er med, og 50 primærsøkjarar som blir tekne opp direkte til HVO utanom SO, er dette ein fin auke for HVO, seier rektor Amdam.
- Vi har ein stor auke i søknaden til allmennlærarutdanninga i Volda, seier rektor Amdam og viser til ein auke på nær 30 %. Også førskulelærarutdanninga i Volda (+ 15 %), sosionomutdanninga (+11%) , bachelor i media, IKT og design (+ 51 %), bachelor i idrett og friluftsliv (+ 29 %), bachelor i kunst og handverk (+ 58 %) viser fin framgang.
- Det som uroar oss mest er nedgangen i talet på søkarar til barnevernspedagog, seier Amdam som peikar på at auken til sosionomutdanninga er tilsvarande høg.
Totalt har talet på søkarar til HVO gjennom SO auka med om lag 200.