Spennande med praksis i Aftenposten

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Både i Aftenposten, VG og dei største fjernsyns- og radiokanalane arbeider det ei rekkje journalistar som har studert i Volda. Journalistikkstudiet er ei praktisk-teoretisk utdanning med spesialiseringsfelt i ulike redaksjonslokale/studio. I siste semesteret av utdanninga har studentane åtte veker med eksternpraksis i ei mediebedrift. Peder og Anita meiner det er ein fordel med praksis over ein periode.

– På den måten rekk ein å bli varm i trøya. Eg visste tidleg at eg ville søkje meg til Aftenposten. Det er ei kvalitetsavis, og eg såg høve til å vere der under praksisen. Eg skal arbeide med nettutgåva av Aftenposten, aftenposten.no. Her presenterer vi nyhende heile vegen og har som mål å vere først ute. Eg må arbeide raskt, men kan også bruke tid på ei sak om den krev det, fortel Peder.

Utfordrande og høgt tempo
Anita Lien er også i Aftenposten. Ho skal arbeide i innanriksredaksjonen, med nyhende som skal i papirutgåva.

– Eg hadde Aftenposten som førsteval fordi det er ei av dei beste avisene. Til no har eg vore med på mykje spennande saman med dyktige fagfolk. Dette er ei av dei største mediebedriftene i Noreg, og vi er heldige som har fått ein fot innom. Eg har blitt godt motteken og vil gjerne halde fram her, seier Anita.

1d71e88f06ad12950130d5b685e98e489f3ebd51
Peder og Anita lærer mykje i praksis og hadde Aftenposten som sitt førsteval.

Peder og Anita er einige om at det er utfordrande å vere journalist. Dei har fått nytte det dei har lært gjennom utdanninga i stor grad, og seier at den største forskjellen mellom skulepraksis og arbeidslivet er tempo.

– Det skjer noko heile tida, og vi må få ut nyhenda raskt. Ei god nettside er alltid først ute, seier Peder.

Samsvarer med "real life"
Ein vanleg arbeidsdag i Aftenposten tek til med morgonmøte der ein evaluerer gårsdagens avis, planlegg dagens utgåve og dagane framover. Planlegging er viktig for korleis avisa og nyhendebiletet blir sjåande ut dei neste dagane.

– Etter møtet arbeider vi med det kvar og ein av oss har på blokka. Eg har til dømes hatt ei sak på trykk som eg skal følgje opp på bakgrunn av to tips, fortel Anita.
– Eg publiserer nyhende som eg får frå rykkjevaktene (dei som dreg ut i feltet), seier Peder.

Både Peder og Anita hadde Aftenposten som førsteval, og meiner det er ein fordel å vere Volda-student.

– Alle har høyrt om journalistikkutdanninga i Volda. Vi får bruke det vi har lært og ser at det samsvarer med "real life". Det er positivt at vi skal vere her over ein periode. Undervegs i utdanninga har vi både intern- og eksternpraksis, og det er positivt at den eksterne praksisen er i siste semesteret. Utbyttet blir større på den måten, avsluttar dei to, og går tilbake til kvar sin redaksjon i Aftenposten.

Del på