Statsbudsjettet 2009: Ny stipendiatstilling, men realnedgang i totalramma
- Det nye statsbudsjettet gir ingen løft for Høgskulen i Volda, stort sett berre kompensasjon for lønns- og prisauke, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Budsjettauken vår er på 5,9 mill. kr. medan kompensasjonen for lønns- og prisauke er 9,3 mill kr, dvs ein realnedgang på totalramme på 3,4 mill. kr.
Rett nok får HVO ei ny stipendiatstilling, høgskulen har auka forskingsverksemd, men elles er det mest negative utviklingstrekk:
·På grunn av lave studenttal og studiepoengproduksjon i 2007 har vi ein nedgang i resultatbasert utdanningsløyving på knapt 6 mill kr. Heldigvis har vi godt opptak av studentar i år slik at vi reknar med vesentleg forbetring i 2010-budsjettet. Også andre høgskular i distrikta, i lag med høgskular i Akershus, Bergen, Bodø, Lillehammer og Universitet i Bergen slit i lag med oss.
·Vi har god auke i forskingsverksemd både knytt til publisering og prosjekt med forskingsrådfinansiering – vi har høgre verksemd enn gjennomsnittet, noko som gir oss ein inntektsauke på over 0,5 mill. kr. i belønning samanlikna med i år.
·Vi ser også positivt på at vi dei to siste åra har fått tre nye stipendiatstillingar, noko som vil hjelpe oss i samband med langsiktig rekruttering.
·Vi håper at nokre av dei nyoppretta studieplassane innan lærarutdanning og førskulelærarutdanning blir tildelt Volda, vi har klart høgst søking til slike studium av alle høgskulane i distrikta.
- Samla vurdert fører budsjettet til eit svært trongt budsjett for Høgskulen i Volda i 2009. Det gir svært lite rom til konkurransedyktige lønner for tilsette, for nysatsing innan undervisning, forsking og formidling og til forbetring av bygningar, inneklima og miljøtiltak, seier rektor Amdam.
- Den store utfordringa til Høgskulen i Volda er at vi har ei svært lav basisløyving. Medan denne var om lag 100.000 kr. pr. måltalsstudent for høgskulane generelt i 2008, var den berre 84.000 kr. for HVO. Denne forskjellen er ikkje endra i budsjettet for 2009, noko som gir ei mindreinntekt på snart 30 mill. kr. samanlikna med gjennomsnittet for høgskulane. Til samanlikning var basistildelinga til høgskulen i Molde 85.000 kr, Ålesund 119.000 kr. og Sogn og Fjordane med om lag same studieprogram som HVO 101.000 kr. i 2008, påpeikar Amdam.