Statsbudsjettet: Volda i pluss etter at fleire fullfører studia
- Høgskulen i Volda teke inn fleire studentar og auka talet på studentar som fullfører studia. Dette gir eit godt pluss i løyvingane som er føreslegne i statsbudsjettet, kommenterer rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda. Men samstundes føreslår regjeringa å kutte i talet på studieplassar neste år, trass i at behovet for høgre utdanning aukar.
Resultatutteljinga i statsbudsjettet er 9 millionar kroner meir enn i år på grunn av at så mange studentar greier å fullføre studia sine i Volda, men rektor Stave er likevel kritisk til politikken som regjeringa føreslår for høgre utdanning.
- I framlegget til statsbudsjett vil regjeringa kutte 4000 studieplassar i høgre utdanning i 2005. Dette tyder at Høgskulen i Volda vil miste 42 studieplassar, seier rektor Stave, trass i at talet på søkjarar og behovet for høgre utdanning aukar.
- Dei neste åra vil talet på elevar som går ut frå vidaregåande skule auke med tjue prosent. Det viser seg også at fleire av desse vil ta høgre utdanning, og då vert det feil å kutte i talet på studieplassar, slår rektor Stave fast.
Kutt i budsjettfordelinga
- Etter endringa i budsjetteringa som var innført i 2003 har Høgskulen i Volda teke inn fleire studentar og auka talet på studentar som fullfører studia. Dette var ei utvikling som regjeringa la opp til i fjor, men som dei no reverserer. Auka studiepoengsproduksjon skulle gje auka løyvingar, ikkje kutt, kritiserer Stave. I 2005 vil kutt i talet på studieplassar utgjere om lag 1,3 millionar kroner og i 2006 heile 2,5 millionar kroner.
- I tillegg til dette har regjeringa rekna budsjettgrunnlaget utan å ta høgde for lønsstigninga i år, ei belastning som vi vil ta med oss inn i neste budsjettår. Spriket er rekna til å verte på om lag 2 millionar kroner.
Effektiv drift
I framlegget til statsbudsjett kjem Høgskulen i Volda også dårleg ut når det gjeld basisløyvingane per student. Berre 60,9 % av kostnadene vert dekte over basisløyvinga, medan høgskulen må tene inn resten sjølv.
- Dette er lavast i landet, og viser at vi nyttar midlane våre svært effektivitet, forklarar Stave.