Studentane i Volda er godt nøgde

I den nasjonale undersøking om tilfredsheit stadfestar Høgskulen i Volda sin posisjon som ein triveleg stad å studere. I Volda var det studentane frå som Friluftsliv og kroppsøving tok del i undersøkinga, og var av dei som varmast anbefalte studiestaden sin.

Undersøkinga vart gjennomført av Norsk Gallup i oktober/november i fjor, og 23.000 studentar tok del.

 

Trass i målet til kvalitetsreforma om at studentane skal bruke meir tid på studierelatert arbeid, syner undersøkinga på landsbasis at studentane nyttar mindre tid enn før. Målet var ei tilnærma 35 timars veke.
Høgskulen i Volda held den faglege og den pedagogiske standarden, men studentane nyttar berre19,5 timar i gjennomsnitt til studierelatert arbeid, og førhaldvis mykje tid på sosiale studentaktivitetar. Dette er ein trend som er gjennomgåande for heile landet.  

 

Anbefalar i Volda

 

Høgskulen i Volda scorar svært høgt på bibliotektenester og datautstyr, og ligg her på femteplass i landsoversikta over alle høgre utdanningsinstitusjonar. I 2001 låg Høgskulen i Volda på fjerdeplass.

Studentane i Volda vil gjerne anbefale studiestaden sin, og kom også her inn på ti på topp lista. Høgskulen er nemleg nummer sju på lista over dei utdanningsinstitusjonane der studentane på det varmaste anbefalar studiestaden sin.

 

Del på: