Undervisningsopptak og semesterregistrering for alle studenter
- Nå er Studentweb åpen for undervisningsopptak og semesterregistrering for studenter på bachelor- og masterprogram, melder Ragne Ørstavik Sørheim ved Studieadministrasjonen. I tida fram til 1.desember vil det være mulig å søke undervisningsopptak på valgfrie emner innenfor disse programmene.
I tillegg til å å søke om undervisningsopptak på valgfrie emner fram til 1.12 kan man også legge obligatoriske emner og fullføre registreringa for våren nå.
Fristar som gjeld er avhengig av kva studentkategori du er i:
- Bachelor- eller masterstudent
For studentar med studierett på bachelor- eller masterprogram er Studentweb open for søknad/melding til undervisning i perioden 11. november til 1. desember.
Registreringa gjeld både obligatoriske, valbare (innan studieprogrammet) og valfrie emne (frå andre studieprogram). Dei fleste obligatoriske emna blir automatisk innvilga, medan andre emne går gjennom ein søknadsprosedyre der studenten etterkvart vil få fram ei melding i utdanningsplanen sin om emnet er innvilga eller ikkje. Dette er avhengig av om forkrav er stetta eller kapasiteten på emnet. Studentane kan i enkelte tilfelle endre på rekkefølgja mellom obligatoriske og valbare/valfrie emne, samt legge inn tilleggsemne utover 30 studiepoeng pr.semester.
Registrering etter 1. desember medfører mindre valfridom. Då vil berre emna som er knytt til programmet ditt vere tilgjengeleg i ordinær semesterregistreringsperiode 15. desember – 1. februar.
- Allmennlærarstudentar, årsstudentar og studentar på kortare studieprogram
For allmennlærar- , års- og deltidsstudentar på korte program er Studentweb open for søknad/melding til undervisning i perioden ca. 15. desember til 1. februar.
Normalt får du opp førehandsdefinerte emne i utdanningsplanen som følgjer studieplanen for studieprogrammet ditt. Nokre emne kan ha forkrav eller avgrensa kapasitet, slik at dei må gjennom ein søknadsprosedyre der studenten etterkvart vil få fram ei melding i utdanningsplanen sin om emnet er innvilga eller ikkje.
NB! Allmennlærarstudentar sine fagval er førhandsregistrerte i Studentweb og skal ikkje endrast utan avtale med programansvarleg.
Alle kan justere utdanningsplanen sin fram til registreringsfristen 1. februar
(med atterhald om ledig kapasitet på emna).
Du finner oversikt over valbare/valfrie emne for hausten 2006 på studentsidene