Ungdomsskuleelevar på bedriftsbesøk ved Høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

elevbesok525

Spennande dag ved Høgskulen i Volda
- Vi fekk prøve å vere programleiarar, køyre kamera og jobbe i studio, fortel elevane.

Etter at nokre av dei tilsette ved Høgskulen hadde fortalt om sin arbeidsstad, fekk elevane ein rundtur ved Høgskulen. Dei fekk sjå korleis studentane jobbar, studerer og korleis dei har det på lesesalar, datasalar og i førelesningane.

- Det er artig å høyre om skilnadene frå grunnskule til høgskule, kommenterte elevane.

elevbesok525c

Elevane skal kartlegge interesser og haldningar
- Allereie i 8. klasse skal alle elevar få hjelp til å bli betre kjent med seg sjølv og kartleggje interesser og haldningar, forklarar Engeseth.
- Dette vil gjere dei betre i stand til å reflektere over kva for utdanningsprogram dei skal velje i vidaregåande skule.

Rådgjevingstenesta er brubyggjar
Det nye faget, Programfag til val, føreset eit forpliktande samarbeid mellom grunnskulen, vidaregåande skule, høgskulesektoren og arbeids- og næringslivet.

– Det er eit felles ansvar å motivere og følgje opp elevane undervegs både sosialt og fagleg. Dette føreset at rådgjevingstenesta på ulike trinn må vere tilpassa elavane sine behov. Programfag til val gir elevane innsyn i ei rekkje nye valmulegheiter, og det krev god innsikt i utdanningssystemet for å kunne gi gode råd, seier Engeseth.
 
Ho vil syte for at Høgskulen i Volda legg til rette for eit nært samarbeid mellom alle aktørane slik at elevane får eit godt utbytte av det nye faget og at dei i neste rekkje kan gjere "dei rette vala".

elevbesok525b

Del på