Verdens bokdag i Volda

- Vi har skreve og lese om ein forfattar, og laga ”Mi litteraturhistorie”, fortel Ingrid Telset Heltne (11), Andreas Brandal (11) og Fride Fiskergård Vidnes (12). På Verdens bokdag fredag var klasse 6A ved Bratteberg skule på vitjing på biblioteket ved Høgskulen i Volda.

boksdag_400
Fride Fiskergård Vidnes (12), Ingrid Telset Heltne (11), Camilla Humberset (12) og Andreas Brandal (11) framfor utstillinga av arbeida deira.

- Og så får vi kvar si bok, fortel dei entusiastiske elevane.
- Vi skal lese meir, og skal ha utstilling av det vi har laga. Så skal vi verte meir kjende med biblioteket.

Bokgåva

- Bokgåva er ein del av tiltaksplanen "Gi rom for lesing" og har vorte til gjennom eit samarbeid mellom Læringssenteret og Verdens bokdag-komiteen, fortel avdelingsbibliotekar Anne Marit Huse.
- Elevane kan velje mellom seks pocketutgåver av ei handplukka samling barnebøker. For å få denne boka må elevane framvise ein boksjekk i bokhandelen. Alle dei tre bokhandlane i Volda er med på prosjektet, fortel ho.

Bakgrunnen for Verdens bokdag

UNESCO bestemte i november 1995 at 23. april skal vere verdens bok- og opphavsrettsdag. Lokale arrangement skal skape merksemd rundt boka på denne dagen. UNESCO arbeider for å styrke leseevna hjå folk i alle land, auke bokproduksjonen og verne om opphavsretten til forfattarane.

FNs erklæring om menneskerettar slår fast at alle menneske har rett til frie ytringar og frie meningar og rett til å skaffe seg informasjon. Internasjonalt er situasjonen for ytringsfridom og informasjonsfridom enno svært langt frå Erklæringa sine mål.

Del på: