Yrkesorientering og utdanningsmesser

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi reiser i hovudsak gjennom Nordvestlandet og dei størte byane, fortel Fredrik, som siste veka har presentert høgskulen og Volda som studiestad siste veka. I tillegg vitjar vi alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal og Nordfjord.

- Ved messa i Kristiansund torsdag rigga vi opp ”standen” med presentasjonsvideoen vår om tilboda frå høgskulen på storskjerm, samstundes som vi viste produksjonar frå animasjonsutdanninga på ein annan skjerm, rapporterer Fredrik. Uoffisielt vart vi kåra til det stødigaste showet, kommenterer han.

 Kfu
Informasjonskonsulent ved Høgskulen i Volda Kristian Fuglseth framfor "standen" på utdanningsmessa i Kristiansund.

Dersom du vil vite meir om alternativa frå Høgskulen i Volda, kan du vitja søkjarsidene for å bestille ein studiekatalog. Du kan også ta kontakt med høgskulen for meir informasjon.

Utdanningsmesser
HVO er på følgjande utdanningsmesser i regionen:
Kristiansund (Bratthallen 15. jan.)
Volda (Volda ungdomskule 21. januar)
Åheim (Olivinhallen 27. - 28. jan. for kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven)
Ålesund (Fagerlihallen 9. – 10. feb.)

HVO er også på dei store yrkes- og utdanningsmessene i
Bergen (21. – 23. jan.)
Trondheim (12. – 14. feb.) 
Lillestrøm (4. – 7. feb.).

bergen-stand

Vidaregåande skular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane
HVO vil vere innom i alt 15 vidaregåande skular frå Sandane til Surnadal. Andre tilbydarar er høgskulane i Molde og Ålesund, høgskular og universitet i Trondheim og Bergen, Forsvaret, Lånekasse o. a.. Det er fylkeskommunane i fylka som er ansvarlege for opplegget.

I alt er HVO på vegen i over 30 dagar. Også studentar er med på desse messene og orienteringane.

Del på