Yrkesorientering og utdanningsmesser

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

På dei store messene i Bergen, Trondheim og Oslo deler vi stand med høgskulane i Molde og Ålesund. Dette gjer vi av både praktiske og økonomiske grunnar samtidig som det på ein fin måte markerer regionen vår. 

stand_melding
Før det store innrykket.

Studentar er med
Det er informasjonskontoret ved HVO som er ansvarleg for gjennomføre desse informasjonstiltaka. Standane vil typisk vere bemanna med ein HVO-tilsett og ein til to studentar.

Vidaregåande skular mellom Sognefjorden og Sør-Trøndelag
I fjor utvida vi det geografiske området ned til Sognefjorden (før berre sør til Stryn). Det vil vi også gjere i år. Vi vil også freiste å få til avtalar med folkehøgskular i same området. Mange av desse har fag og linjer som passar godt til fagprofilen til HVO.

Annonsering og redaksjonell omtale
Informasjonskontoret vil også køyre annonsekampanjar i førekant av besøka på dei vidaregåande skulane og messene. Vi prøver også å få inn redaksjonelt stoff både i lokal- og regionsaviser og i utdanningsbilaga til dei store avisene.

Førebels reiserute 2007

Yrkesorientering vgsMesser
VekeDatoStadStad
101.jan
2
3
4
5
6
7Oslo - Spektrum
28Oslo - Spektrum
9Oslo - Spektrum
10Oslo - Spektrum
11
12
13
14Avreise til Stryn
315Stryn
16Firda
17EidTrondheim
18MåløyTrondheim
19Førde FloraTrondheim
20Trondheim
21Avreise til SogndalÅlesund
422SogndalÅlesund
23BalestrandÅlesund
24HøyangerBergen/Volda-Ørsta
25Førde - HafstadBergen
26DaleBergen
27Bergen
28Avreise til Åndalsnes
529Åndalsnes - Rauma vgs.
30Sunndal vgs.
31Surnadal vgs.
01.febKristiansundKristiansund
2Molde
3
4
65Volda vgs
6Ullstein vgs.Lillestrøm
7Stranda/SykkylvenLillestrøm
8SpjelkavikLillestrøm
9FagerliaLillestrøm
10Lillestrøm
11
712
13
14

Del på