Avslutta med visuell ballade

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Mulen var glad for at arbeidsopphaldet hennar strekte seg over to veker.

-Fyrste veka var eg mest på ”leiting”. Det var dei siste dagane at ting fall på plass, sa ho.

Den digitale balladen ”Ein raud tråd” bestod av ein serie eigne arbeid, både måleri og serigrafi, presentert som ei historie, vakkert tonesett av Alberto Inglesias featuring Vincente Amigo & El Pele. Roleg, melankolsk og stemningsfullt. Innimellom nokre kontrastfylte parti.

-Bileta mine er nokså sjølvbiografiske. Visualiserte minne, tankar og draumar, fortalde Mulen.

Vid målgruppe
Jorunn Mulen har erfaring frå kunstformidling for born, som omreisande formidlar for Nasjonalmuset og Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. I september skal ho presentere ”Ein raud tråd” for Sogn og Fjordane fylke.

Jorunn Mulen trur biletserien kan vere interessant for born i alle aldersgrupper (frå fyrste klasse til vidaregåande skule), men at måten innhaldet vert formidla på og før- og etterarbeidet er ulikt tilrettelagt alt etter klassesteg.  

Konstruktive tilbakemeldingar
Publikum, som var deltakarar på Prøvekluten og fagpersonell frå Høgskulen i Volda, gav uttrykk for at dei likte det dei såg:

- Inspirerande. Vakkert. Du sa mykje med lite…Eg kjende det i magen!

Mulen fekk òg konstruktive tilbakemeldingar på endringar som dei erfarne tilhøyrarane meinte ville gjere serien endå betre, og konstruktive forslag på formidlingsopplegg og etterarbeid.

Kunstnarstipend
Jorunn Mulen er opphavleg frå Førde i Sunnfjord, men har Mastergrad i illustrasjon frå University College Falmouth i Cornwall, England, der ho framleis bur og arbeider store deler av året.  Ho har stilt ut ved ulike galleri i Noreg og England og er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK) og Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF). Etter opphaldet i Volda går turen attende til England før den aktive kunstnaren set nasen mot Toscana i Italia der ho skal delta på ein workshop i ”Artist books” med støtte frå Norsk Illustrasjonsfond. Mulen er òg ein av tre som fekk tildelt årets kunstnarstipend frå Sogn og Fjordane fylke.

PK08_mulen_1
Jorunn Mulen


PK08_yellowsilk_1
"Yellow silk", 60x60cm, akrylmaling på linlerret- måla av Jorunn Mulen.

PK08_withflowers_1
"With flowers", 60x60cm, akrylmaling på linlerret- måla av Jorunn Mulen.

Tekst og foto: Beate Langeland Mork

Når eg målar komponerer eg historier.

Strøka på lerretet er spor etter leiting. Nokre gonger veit eg ikke kva eg leitar etter før eg finn det.
For å finne må jeg våge å miste kontroll og kansje gå meg helt vill.

Mine historier kjem frå ein barndom på vestlandet og frå reiser som førte meg andre stader.

Nokre historier blir til ved å gjenkjenne spor som er skapt medan vi er på veg til å finne vår eigen "persona" (maske). Historiene kan bli til i fleire lag.
Dei inneheld ei  blanding av fantasi og ei universiell sanning.

Historiene blir til visuelle ballader.

Dei handler om ei lengt etter å finne vegen heim.” Jorunn Mulen

Her kan du lese meir om Prøvekluten 2008.

Del på