KFK - 30 prosent fleire søkarar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Heile 240 lærarar og barnehagelærarar har søkt Utdanningsdirektoratet om opptak til Høgskulen i Volda sine studietilbod innanfor Kompetanse for kvalitet i 2021, ein auke på 61 i høve til i fjor, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Kompetanse for kvalitet (KFK) er ein nasjonal strategi for vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar fram mot 2025.

Ole Frank Bakken
Seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning gler seg over 30 % auke i søkinga til vidareutdanningane i Kompetanse for kvalitet.

Den fine søknadsauken betyr at 12 dei 15 studietilboda Høgskulen i Volda tilbyr i utdanningsprogrammet truleg vert starta opp hausten 2021.

Flest søkarar er det på tilboda i programmering, spesialpedagogikk og realfag i barnehagen. Dei andre tilboda er i engelsk, matematikk, norsk, programmering, kunst/handverk og andrespråkspedagogikk.

Kompetansekrav

Frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk på barneskulen ha minimum 30 studiepoeng i desse faga.

Ungdomsskulelærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervise i dei same faga. For andre fag vert det på ungdomstrinnet kravd 30 relevante studiepoeng for å undervise.

Utdanningsdirektoratet og stipend- og vikarordningar

Dei 240 som no er registrerte som søkarar til KFK-tilboda ved Høgskulen i Volda, har søkt gjennom Utdanningsdirektoratet (UDIR) før fristen gjekk ut 1. mars.  Dei som blir tekne opp gjennom UDIR får tilgang til vikarstøtte og stipend.

Framleis høve til å søkje studieplass

Seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning minner om at det framleis er mogeleg å søke opptak til høgskulen sine studietilbod i Kompetanse for kvalitet.

– Frå veke 21 vil ein kunne søkje Høgskulen i Volda direkte, men då utan stipend eller vikarstøtte frå Utdanningsdirektoratet, seier Bakken.

 

Del på