Skodjesoga er ferdig

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Skodjesoga, ei kultur- og bygdehistorie for tidlegare Skodje kommune, er ferdig og vert lansert under Kulturveka på Skodje tysdag 26. oktober. – Bokverket i to band er eit resultat av tett og godt samarbeid mellom Skodje sogelag og Høgskulen i Volda, seier prosjektleiar Harald Endre Tafjord ved Historisk institutt.  

I 2016 tok Skodje sogelag kontakt med Historisk institutt ved Høgskulen i Volda (HVO) for å få eit tilbod på ei historisk framstilling av Skodje kommune frå dei eldste tider til vår tid. Eit slikt prosjekt var mogeleg fordi sogelaget hadde fått testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910–2004). Tidlegare Skodje kommune har også bidratt økonomisk.

Oppdragsverksemd

– Faghistorikarane ved Historisk institutt har ein lang tradisjon for å ta på seg slike oppdrag. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, Busetnadssoga for Volda, Sula-soga, Havfiskeflåtens historie og Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane er døme på at vi kan utføre større lokalhistoriske prosjekt og bidra med fagleg lokal- og regionalhistorisk kompetanse, seier prosjektleiar og førsteamanuensis Harald Endre Tafjord.

Krøvel og Tennfjord.
Forfattar av Band 1 Harald Krøvel og prosjektleiar Harald Endre Tafjord.

Kvalitetssikring

I samarbeidet med Skodje sogelag har Historisk institutt ved HVO bidratt med prosjektleiing, ein forfattar og fagleg kvalitetssikring.

– Noko av kritikken mot lokalhistoriesjangeren har vore mangel på fagleg kvalitetssikring. I dette prosjektet har dei to banda i bygdesoga blitt fagfellevurderte og vert rekna som vitskapeleg publikasjonar, seier prosjektleiar Harald Endre Tafjord.

Bøkene

Dei to bøkene i Skodjesoga er skrivne av faghistorikarane Harald Krøvel ved Historisk institutt ved HVO og Eldar Høidal ved stiftinga Viti, tidlegare Sunnmøre museum.

– Lært mykje

I det første bandet, «Skogbygder i fjordlandskap», skriv høgskulelektor Harald Krøvel om tida frå steinalderen fram til slutten på 1800-talet då moderniseringa av samfunnet for alvor tok til å endre grendene i kommunen.

– Dette har vore eit prosjekt eg har lært mykje av. Som historikar ser ein gjerne dei store linjene. Når ein arbeider med bygdesoger er det spennande å sjå korleis desse mekanismane spelar seg ut og endrar lokalsamfunn. Eg har funne mange ting i kjeldene som eg ikkje har vore klar over tidlegare, seier Krøvel.

Trelasthandel og kontakt med Europa

Folket i Skodje var bønder og fiskarar, men det var skogen som særmerkte Skodje og gav grendene der ein eigen identitet i eldre tid.  

– På 1500-talet og i første delen av 1600-talet opplevde Skodje ein makelaus vekst. I denne perioden vart det eksportert mykje tømmer til Europa. Dei skotske og hollandske skipa tok om bord trelasten ved Langskipsøya i fjorden utanfor den skogrike garden Solnør. Noko som hadde vore interessant å sjå  nærare på er i kva grad folket i Skodje kulturelt eller på andre måtar vart påverka av denne kontakten med utlandet, seier Krøvel.

Hovudtyngda av stoffet i «Skogbygder i fjordlandskap» gjeld tidsrommet 1600 til 1894, ein periode der jordbruket, fisket og skogen var dei viktigaste næringsvegane.

– På 1800-talet danna sentrale endringsprosessar grunnlag for moderniseringa av Skodje-samfunnet, med folkeauke, modernisering av samferdsle og næringsliv, utvikling av lokalt sjølvstyre og kulturell vekst som viktige trekk, seier høgskulelektor Harald Krøvel.

Ved allfarvegen

1890-åra er eit tidsskilje i Skodje. I samferdsla vart bygdene knytte nærare til omverda, jordbruksnæringa var i ferd med å bli modernisert og det vart lagt planar om å danne ein eigen kommune for bygdene i Skodje. Band 2 «Ved allfarvegen» skriven av Eldar Høidal tek for seg denne moderniseringa av samfunnet. Eit sentralt perspektiv er overgangen frå eit samfunn der jordbruk er den dominerande næringa, til etablering av industri og utvikling av arbeidsplassar i handel og samferdsle. Offentleg sektor med kommunale tenester vart etter kvart ein viktig arbeidsplass i samfunnet. Eit anna sentralt perspektiv er det rike organisasjonslivet som vaks fram frå siste delen av 1800-talet, slik som misjonsforeiningar, musikkforeiningar, idrettslag og andre lag. Dei blir viktige bidragsytarar til kulturlivet i Skodje og har vore med på å skape identitet og tilhøyrsle innanfor kommunegrensene.

Samarbeid

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med Skodje sogelag med god oppfølging av prosjektleiinga og forfattarane. Ei fagleg referansegruppe innanfor Historisk institutt har lest og kommentert arbeidet undervegs, seier prosjektleiar Harald Endre Tafjord.

Lansering under Kulturveka i Skodje

Det vert lansering av bokverket i Gomerhuset på Skodje den 26. oktober.  

– Det blir ei tradisjonell lansering der forfattarane vil presentere litt av innhaldet i bokverket, avsluttar Tafjord.

 

Les meir om oppdragsverksemda ved Høgskulen i Volda.

 

Del på