Hjelper heile Noreg med nettkurs i folkehelse

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Gjennom eit spesialtilpassa nettkurs om folkehelsearbeid ønsker tilsette ved Høgskulen i Volda å hjelpe kommunane i landet med å gi oss innbyggarar eit best mogleg tilbod.

Kurset er utvikla på oppdrag frå Helsedirektoratet og mynta på folkehelsekoordinatorar og andre som jobbar med folkehelse og utvikling av helsefremmande lokalsamfunn i kommune eller fylkeskommune. Gjennom kurset skal desse få lære kvalitative data betre å kjenne, korleis ein kan samle inn kvalitative data, tilarbeide og analysere dei og ta dei i bruk.

Dette gjer ein for at politikarar og andre som tek avgjersler i kommunar og fylkeskommunar skal kunne fatte vedtak om folkehelse på best mogleg kunnskapsbasert grunnlag.

Kvifor føler eldre seg einsame?

Førstelektor Gro Anita Bårdseth og førsteamanuensis Ellen Strøm Synnevåg ved Høgskulen i Volda Synnevåg er av hovudaktørane bak det nyleg lanserte nettkurset. Dei fortel at ein i Noreg i dag har mange ulike register, mykje statistikk og kvantitative data om folkehelse. Det er derimot mangel på kvalitative data som kan seie noko om det same fagområdet. Det gjer også at kommunane ikkje alltid får det heile og fulle svaret på folkehelsespørsmål.

– Kvantitative data seier ofte ikkje så mykje om konteksten og lokale forhald men det kan kvalitative data gjere, seier Bårdseth og Synnevåg, før dei eksemplifiserer det:

Synnevåg_Bårdseth
Gro Anita Bårdseth (t.v.) og Ellen Strøm Synnevåg har leia prosjektet med nettkurset.

– Kvantitative data kan fortelje oss at det er mykje mobbing på skulane i ein kommune. Jobbar ein med å intervjue lærarane og elevane som vil vere kvalitative data, kan ein til dømes finne ut kva som karakteriserer mobbinga eller i kva situasjonar mobbinga oppstår, forklarar duoen og gir oss eit siste døme:

– Statistikkar kan seie oss at eldre er einsame. Ved å intervjue eldre eller ha dei med i fokusgrupper til dømes kan ein sjå bak desse statistikkane og finne ut kva det betyr for dei å vere einsame. Er dei deprimerte? Kva behov har dei og kva kan hjelpe på einsemda?

Sjå heile nettkurset her.

Treffe betre med tiltak

Svara på slike spørsmål vil ha stor verdi for folkehelsekoordinatorane. Gjennom kurset vil dei lære korleis dei skal analysere svara, og på grunnlag av det gi gode råd om folkehelse til kommuneadministrasjon- og politikarar og korleis dei kan implementere det i sine plandokument.

Kommunane i landet utarbeider ca. kvart fjerde år eit dokument kalla kommunal helseoversikt. Helsedirektoratet har også eit eige program om folkehelsearbeid, som tek for seg kva tiltak som vil kunne fungere.

– I arbeid med dette vil kvalitative data som er godt analysert vere svært verdifullt. Det vil gjere det enklare for dei som skal ta avgjerslene og ein er sikrare på at ein treff rett med tiltaka. Til slutt håper ein at folket kan nyte godt av dette gjennom godt planlagde tiltak som skal vere med på å betre folkehelsa, slår Bårdseth og Synnevåg fast.

Praktiske eksempel

Kurset består av fem modular. Modulane inneheld læringsvideoar og videoar med eksempel frå praksisfeltet, og refleksjonsoppgåver deltakarane skal gjere sjølv eller helst i lag med kollegaer.

– Kurset er lagt opp som ei læringsløype med progresjon. Dette har vi jobba mykje med og har fått god hjelp frå Læringsverkstaden med Synnøve Hedemann Amdam i spissen til å utvikle, seier dei som har laga innhaldet til kurset.

Dei fortel at kurset har ei teoretisk stamme, men også eksempel frå praksisfeltet der ein har nytta Stord og Ørsta kommunar sine erfaringar. Då ser ein på korleis teorien er brukt i praksis i desse kommunane, og kva utfordringar dei har støtt på. Som eit tillegg til det eksisterande kursmateriellet vil ein framover presentere podcastar der det vert snakka om eksempel frå Stord og Ørsta, og kva ein kan lære av dei.

Etterspurd av Helsedirektoratet

Dette nettkurset knytt til folkehelse er eit oppdrag Høgskulen i Volda ved eit fagmiljø ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) har fått frå Helsedirektoratet etter førespurnad. Ein fekk det først og fremst med utgangspunkt i eit oppdrag ein hadde for Helsedirektoratet i perioden 2015-2019. 

– Då hadde vi ansvaret for følgjeevaluering av eit stort utviklingsprogram, som hadde tittelen Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse, oftast omtalt som Nærmiljøprosjektet. I det prosjektet var kvalitative data i lokalt folkehelsearbeid eit sentralt tema. Men elles har det sjølvsagt spelt ei rolle at vi har hatt fleire evalueringsoppdrag tidlegare, der mellom anna lokalt folkehelsearbeid har vore tema, fortel Randi Bergem, dekan ved ASH og mangeårig medlem av dette planleggingsmiljøet som har jobba med folkehelse.

– Kvifor tek Helsedirektoratet kontakt med Høgskulen i Volda for slike oppdrag?

– Først og fremst fordi Helsedirektoratet er svært fornøgde med det arbeidet vi har gjort. Vi har etter kvart svært mykje kunnskap om folkehelsearbeid, og særleg om lokalt og regionalt folkehelsearbeid, der planlegging, lokalsamfunnsutvikling og innbyggarmedverknad er sentrale stikkord. Elles har vi arbeidd godt med formidling og dialog undervegs i prosjekta, både overfor kommunar og fylkeskommunar som er med i prosjekta og overfor Helsedirektoratet som oppdragsgjevar. Eg trur det er lagt merke til, svarar Bergem.

Fleire oppdrag

Under her det er eksempel på andre oppdrag tilsette ved Institutt for planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda har vore involvert i. Nokre av desse er gjennomført av Møreforsking Volda.

  • Helse og omsorg i plan 2012-2017 (det var eit utdanningsprogram HVO gjennomførte på oppdrag frå Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon i Norge (KS), men der Helsedirektoratet finansierte, og hadde gitt ansvaret til KS, så indirekte Helsedirektoratet)
  • Evaluering av prosjektet Partnarskap for folkehelse (Helsedirektoratet)
  • Evaluering av Helse i plan (Helsedirektoratet)
  • Evaluering av Tilskottsordning til lavterskel fysisk aktivitet
  • Evaluering av prosjektet Modellar for fysisk aktivitet, røykeslutt og sunt kosthald

Les meir om kva oppdrag og samarbeid fagmiljøa ved Høgskulen kan ha for offentleg og privat sektor her.

Del på