Ein tradisjon vi er stolte av
Konferansen innheldt ei solid rekkje med etablerte forelesarar: Professor Peder Haug (Høgskulen i Volda), Forskar Kirsten Lauritsen (Høgskulen i Nord-Trøndelag) Ph.d. Marit Mjøs (Statped Vest) Elisabeth Dahle (Utdanningsforbundet) og Rådgjevar Jørn Thommasen (KS). I tillegg presenterte masterstudent, Åshild Johnsen deler av arbeidet ho har gjort med mastergrada si i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Aase Bjørg Alme, Kirsten Lauritsen, Elisabeth Dahle, Åshild Johnsen, Peder Haug, Marit Mjøs og Jørn Thommassen.
-Dette har blitt ein tradisjon eg syns vi kan vere stolte av, seier prosjektleiar for konferansen i år, Aase Bjørg Alme, - Det å samle seg kring spesialpedagogikken og byggje bruer mellom teori og praksisfelt er nyttig for alle partar, seier ho. No gler ho seg allereie til konferansen i 2010.