Elevvurdering – etterutdanningstilbod for lærarar
Høgskulen i Volda har fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å tilby etterutdanning i elevvurdering for lærarar. Det er tydeleg at arbeidet som høgskulen har gjort på dette feltet er blitt lagt merke til og oppdraget kjem samstundes med at vi startar opp eit omfattande elevvurderingsprosjekt i kommunane Molde, Rauma og Vestnes med 550 lærarar på skulebenken.
Elevvurdering er eit av fem område (leseopplæring, rekneopplæring, rådgjeving, IKT-kompetanse i bruk av digitale læremiddel) som staten prioriterer i si satsing på kompetanseutvikling. Nå har Kunnskapsdepartementet valt ut 10 kompetansemiljø som skal tilby etterutdanningskurs for lærarar i elevvurdering med vekt på undervegsvurdering og vurdering for læring. Høgskulen i Volda (HVO) er mellom dei utvalte. HVO-modellen 2000 lærarar engasjert i prosjekta | Siv Gamlem (Foto: Ivar Hagen) |