Hoppa bukk over kyrkjebenkane

Tekst: Webmaster Volda

PK08Loype2

Måndag hadde duoen utprøving i Volda kyrkje med småskuletrinnet på Folkestad skule. Tysdag med born frå skulefritidsordninga ved Øyra skule. Ein del av borna var med å førebu framsyninga og var vegvisarar for resten av borna som kom eit par timar seinare slik at dei òg vart aktivt deltakande i framsyninga. Elevane såg ut til å stortrivast, og var heilt med frå fyrste stund. Ikkje kvar dag ein får hoppe bukk over kyrkjebenkane, krype langs alterringen, lage høge lydar og ta rennfart ned midtgangen!

-Ei av målsetjingane for framsyninga er å likestille aktørane og leggje til rette for ei myldring i rommet. Vi har valt kyrkjeromet som arena fordi vi ynskjer å få borna til å sjå og oppleve eit rom utover sin vante kontekst. Vi ynskjer å stimulere born til å oppdage og undersøke eit rom og utfordre dei på kva dans og musikk kan vere, seier Styve Holte og Gjermundrød.

PK08Loype1

Konseptet er utvikla ved Skolen for Samtidsdans i Oslo der begge har vore elevar siste året. Solveig Styve Holte er utdanna dansekunstnar og rørslerettleiar frå Den Norske Baletthøyskole. Hanna Gjermundrød er utdanna vokalist frå den utøvande jazzlinja i Trondheim.

Les meir om Prøvekluten

Del på