Kunstverket lever!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

kl10juni2008
Bak frå venstre: Fylkesplansjef Ole H. Haugen, Kolbein Halkjelsvik, Jan Driveklepp, Assisterande kulturdirektør i Møre og romsdal Nils Gunnar Solli, Jacob Kjøde jr., Gunnar Strøm og Gaute Hareide.
Framme frå venstre: Fagsjef kulturformidling i Møre og Romsdal fylke Øivind Schanche, Marit Ulvund, Signe Valsø, Aud Folkestad, Anne Øie og Helge Hamsaas.

Kunstverket er neste fase i det arbeidet som har vore gjort i samband med Prøvekluten.

Pengane er tildelte som ein lekk i Kulturrådet si satsing på Kunstløftet- eit prosjekt for å auke kvaliteten på kunst og kultur for barn og unge. Dette er Kulturrådet si første tildeling til Kunstløftet. Av ein samla pott på 3,5 millionar har Høgskulen i Volda blitt tildelt 570 000 kr.

-Tildelinga er viktig av to grunnar, seier Øivind Schanche, leiar for formidlingsseksjonen i Kulturavdelinga i Møre og Romsdal. -Den er sjølvsagt viktig for vidare drift i Volda, men den er også eit viktig signal om at Kulturrådet ser verdien av arbeidet som er gjort her.

Les meir om:  

Les også på NTB.no

Del på