Kurs om skredfarevurdering og redning i januar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- For at studentane skal kunne utnytte dei flotte friluftslivtilhøva på tryggast mogleg måte, ynskjer høgskulen i nært samarbeid med NATURA å nå flest mogleg studentar med informasjon om ein del av dei risikofaktorane ein har i området.

Natura-leiaren, Magnus Utsogn, meiner det er behov for denne type opplegg.

- Høgskulen i Volda ligg i eit unikt område med fjord og fjell, og med fantastiske moglegheiter for friluftsliv både ved kysten og i alpine fjellområde.

Flott og krevjande natur
- Vi ser at svært mange studentar kjem til høgskule vår nettopp på grunn av dei flotte tur- og friluftslivstilhøva vi har her, kommenterer rektor Jørgen Amdam, og understrekar behovet å vere budd på at dei spesielle tilhøva også kan vera farlege om ein ikkje tek omsyn.

- Området på Sunnmøre er krevjande, og kan vere bunde med risiko å ferdast i om ein ikkje har god nok kjennskap og dugleik, seier også Natura-leiaren.

- I løpet av kurset vil vi arbeide med snø- og skredkjennskap, vegvalg og redning, seier Utsogn.
- NATURA vil også til seg personar med god kompetanse på dette feltet.

Del på