Laga si eiga draumebok

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Prosjektet har fått tittelen ”Drømmebok”, og er ein teikne- og bokverkstad der målgruppa er 2- 7 klasse.
-Vi ynskjer å stimulere til kommunikasjon mellom elevane utan å bruke ord, og til samarbeid frå ide til ferdig produkt, seier Sjøvoll og Færøy.

PK08Drommebok1
Vibeke Sjøvoll saman med elevar frå Øyra skule

Teiknesamtale
I førre veke var dei to erfarne biletkunstnarane på vitjing i klasse 4 B ved Øyra skule for å prøve ut ideen sin.
-Fyrst starta vi med å snakke om alt vi kan teikne som ikkje finnast i røyndomen og fortalde om ulike kunstnarar som lagar slike bilete. Deretter gjekk vi over til ein teiknesamtale mellom oss to på tavla. Det synes elevane var svært spennande å vere med på. Deretter skulle elevane tenke på ein draum dei har hatt og teikne frå den. Berre i eit minutt før dei sendte teikninga vidare. Tilslutt hadde alle teikna på same teikning. Prinsesser, kaninar, ulike figurar og abstrakte former…Etterpå gjekk elevane  i hop to og to om ein teiknesamtale på papir tilsvarande den vi hadde hatt på tavla. Her var det om å gjere å ikkje snakke. Berre teikne!, forklarar Vibeke Sjøvoll.

PK08Drommebok2
Yngvild Færøy hjalp til undervegs slik at alle skulle få ferdig si eiga draumebok

Nyttig
Tilslutt fekk fjerdeklassingane lære å sy si eiga bok av papir der teikningane frå teiknesamtalen med ein klassekamerat danna framsida. Teikneverkstaden som er mein å vare i tre skuletimar var korta inn til to. Likevel rakk alle elevane å verte ferdige med draumebøkene sine.
- Ei slik utprøving med målgruppa er svært nyttig i den delen av prosessen vi er i no. Erfaringane frå Volda gjer at vi kjem til å endre litt på deler av opplegget før vi prøver det ut på nytt, seier Yngvild Færøy.

Les meir om Prøvekluten

Del på