Muslimar i Noreg- med fokus på barnehage og skule
Måndag 22. mars kjem Anne Sofie Roald til Høgskulen i Volda for å halde ei open forelesing om muslimar i Noreg og med særleg fokus på barnehagar og skular.
Sunnmøringen Anne Sofie Roald er sjølv muslim, og ho har i mange år arbeidt som religionsforskar i Sverige.
For tida er ho professor i religionsvitenskap ved Malmö högskola og seniorforskar ved Chr. Michelsens institutt i Bergen.