NAV og sosialt arbeid- Dagskonferanse 11. mars
Møteplassar er viktige for gjensidig utveksling av kunnskap. Denne dagen kan tilsette i NAV, studentar, høgskuletilsette og andre interesserte møtast for dialog og fagleg diskusjon rundt spørsmål om kunnskapsforståing og yrkesutøving når rammevilkår endrar seg.
Eit historisk riss av sosialt arbeid vil gje eit bakteppe før vi tematiserer det nye handlingsrommet i velferdstenestene, og utfordringar NAV gir for yrkesutøvarar og utdanningssystem.
Nye trendar som ”evidensbasert praksis” vil bli sett på med eit kritisk blikk.
Meir informasjon og påmelding finn du her>>