Sprek opning for Seanse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Rokken var godt besøkt under gratisarrangementet som skulle markere opninga til Seanse – Senter for kunstproduksjon. Det heile starta med den danske acappellagruppa BaSix.

BaSix reiser for tida rundt i Noreg og skal mellom anna opptre for 7700 skuleborn. Og det er liten tvil om at gruppa har gjort heimeleksa si før Noregsturneen. Under ei musikalsk framstilling av acappellaen si historie, var det den norske barnesongen ”Bjørnen sover” som fikk prøvd seg i blant anna munkekor- og reggaeversjon. Danskane varta vidare opp med sin eigne versjon av Odd Nordstoga-songen Heim te mor. Dette fall tydelegvis i smak hos publikumet, som gjerne bidrog med ulike strofer, lyder og danserørsler då BaSix inviterte dei til å delta på Kylie Minogue sin hit Can’t get you of my head.   

Gruppa forklarte eit talrikt publikum at dei byggjer opp acappellamusikk ved at ulike stemmer etterlikner bass, trommer, gitar, trompet og andre instrument.

- Då vi reiste hit i dag, fekk vi eit problem fordi to i gruppa hadde lyst til å vere trommer. Og ettersom vi er ei demokratisk gruppe, lét vi den høgaste få vere tromme, fleipte Christoffer Brodersen på scenen.

seanse_basix
Vokalgruppa BaSix tok publikum med storm!

Tett program.
BaSix starta opp i 1995 og to år seinare drev de profesjonelt med acapellasong. Men det var ikkje før deltaking i den danske Melodi Grand Prix at karrieren til gruppa skaut fart.

Dei seks musikarane har hatt et utal konsertar sida den gong. 200 konsertar på eit år er heilt vanleg.

- No har vi 26 konserter på to veker, så det går ganske i eitt. I går hadde vi to konserter på formiddagen og ein på kvelden. Men så lenge innstillinga er god, så er det riktig show, smiler Brodersen. Han kan forsikre oss om at dei sjølv etter omfattande turnéliv er perlevenner.

- Det er faktisk betre å reise rundt på turné i Noreg enn i Danmark. Her har kvar vesle bygd sin eigen konsertsal. I Danmark er konsertarenaene på små stadar ofte gymsalar og andre lokale utan særleg god akustikk. Det har nok vert satsa meir pengar på kultur i Noreg, trur Brodersen. Han viser til Den kulturelle skolesekken, ei nasjonal satsing for at norske skuler skal få et minimum av kunst og kulturinnslag kvart år. 

Musikk skaper kreativitet
Tuke Wulf i BaSix meiner det er viktig at barn og unge får gode kunst- og kulturopplevingar gjennom skulegangen.

- Det er jo vitskapleg bevist at innlæring går lettare blant born som har god musikkforståing. I tillegg er musikk med på å skape kreativitet. Gjennom kulturinnslag i skulen blir dessutan born oppmerksame på dei gode tilboda som faktisk finnest, samstundes som dei lærer å setje pris på god kultur.

Hele Norge synger
Under opningsarrangementet var det kake til alle og profesjonelle musikarar frå lokalmiljøet fekk prøve ut konseptet Hele Norge synger, som har vært ei stor satsing for Rikskonsertene. Det inneber allsong til kjente songar, eit opplegg som passar bra for barnefamiliar. Også her var Odd Nordstoga sine songar representert, i tillegg til mellom anna slagarar frå Knudsen og Ludvigsen og Thorbjørn Egner sine visar.

seanse_syng
(f.v.) Siv Aurdal, Øyvind Eiksund, (bak) Kjetil Eiksund og Svein Hunnes var blant musikarane som leia allsongen

Show off på dansegolvet
Seinare på kvelden skulle The Snuff Grinders til pers framfor eit fullsett og litt eldre publikum.

The Snuff Grinders er ein kombinasjon av mannlege show off-dansar, nemleg kapoeira, break-dansing og Hallingdansen laus. Dei tre dansestilane har til felles at dei har blitt brukt av menn i ulike kulturar for å imponere kvinner. Alle desse dansestilane har også eit felles triks; dansarane snurrar rundt medan dei står på hovudet. Innan laus blei dette kalla ”å male snus”, og det er dette uttrykket som er opphavet til namnet The Snuff Grinders.

seanse_frikar
FRIKAR kunne by på spektakulær akrobatikk

Vellukka manshow
- Dette er et skikkelig manshow, fortel breakdansaren Knut Eric Rundereim. Med det meinar han ikkje eit show for menn, men meir nøyaktig eit show frå menn med kvinneleg adressat. Og at denne forma for kurtise har ønska effekt er det lita tvil om. Då Frikar og Snuff Grinders starta opp bestod dei stort sett av ein gjeng single dansarar.

- No har alle fått seg dame, så da kan vi kanskje slutte, ler Andreas Ljones.

Musikk i sentrum
Sjølv spelar Ljones hardingfele og elektrisk fele under dette showet, mens gruppa også tek trommer og munnharpe i bruk. Framsyninga nytter også ein hel del digitale musikklipp som står i stil til lys- og filmshowet undervegs.

- Musikken betyr mykje for å lage den rette stemninga under showet. Ettersom vi sjølv lager musikken kan han tilpassast dei ulike dansane undervegs, seier kapoeira-danseren Miulinho.

Miulinho kjem opphavleg frå Portugal og starta med kapoeira i ein alder av 14. For to år sida flytta han til Noreg, for å bli trener i ein kapoeira-gruppe i Oslo. Der møtte han Hallgrim Hansegaard som er mannen bak dansekompaniet Frikar og Snuff Grinders, og dermed blei han ein del av denne dansegruppa som ynskjer å blande det beste frå tradisjonsrike dansar.

Kult og seriøst
- Vår miks av dansestilar er etter mi meining bra og det er lett å lage slike show ettersom stilane har mange liknadar. Responsen vi får frå publikum går ut på at få har sett liknande danseshow. Denne kombinasjonen er vi nok aleine om, trur Rundereim.

- Vi har allereie reist litt rundt på skoler, og eg synest det er veldig gøy å kunne syne til ungdom at det går an å drive med noe som er kult og seriøst på ein gong, held han fram.

Akrobatisk konkurranse.
Framsyninga dei hadde på Rokken var delt i to. I den fyrste delen er alt planlagt, mens det mot slutten er improvisasjon i det som dei sjølv omtalar som ”play”. Her utspelar det seg ein vennskapeleg show off-konkurranse, der ein viser kva ein er kar for. Frå å handle mykje om musikk og visuelle effektar gjekk showet mot slutten over til å bli spekka med akrobatiske stunt som saltoar, spinning på hovudet og hallingspark.

Den nye sida til Seanse – Senter for kunstproduksjon finn du her: http://www.seanse.no (framleis under konstruksjon)

Del på