Styrking av nynorskopplæringa

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi er svært glade for å få ein treårig tiltaksplan for styrking av nynorskopplæringa med ekstra midlar til gjennomføringa av planen”, seier leiar for Nynorsksenteret, Anne Steinsvik Nordal.

Det er sett av  4,1 millionar kroner til arbeidet i 2009.

- Utdanningsdirektoratet meiner dette er ein god og konkret plan som medverkar til betre opplæring i nynorsk, seier direktøren i Utdanningsdirektoratet,  Petter Skarheim.

For barnehagen vil Nynorsksenteret setje i gang prosjekt for språkstimulering, og få utvikla digitale ressursar for leik og læring på nynorsk. På barnetrinnet vil ein prøve ut prosjekt med  ”tidleg start” med skriftleg nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. For elevar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule som har nynorsk som hovudmål skal Nynorsksenteret: ”Setje i gang prosjekt med følgjeforsking med fokus på skriveopplæring i alle fag”. Måla for opplæringa i nynorsk er at elevane får kulturell og språkleg sjølvtillit som gjer dei til trygge nynorskskrivarar.

Nynorsksenteret vil også føre vidare prosjekt som senteret alt har i gang for elevar som skal lære nynorsk som sidemål. I desse prosjekta brukar elevane lærebøker på nynorsk i eit anna fag enn norsk, slik at nynorsk på den måten vert ein meir sjølvsagt del av opplæringa. Prosjekta skal fylgjast av forskarar slik at resultata ein oppnår kan gjerast kjende og vere med å leggje grunnlag for betre nynorskopplæring.

I universitets- og høgskulesektoren skal Nynorsksenteret  arbeide for å byggje opp kompetanse på høgt nivå når det gjeld nynorsk språk og didaktikk, og ei stipendiatstilling på dette feltet vert utlyst no i vår. Nynorsksenteret vil tilby stimuleringstiltak for studentar og lærarar som tek særskild utdanning i nynorsk, og vil utvikle og få i gang eit emne på 15 studiepoeng med moderne nynorskutdanning for lærarar.

Sjå også  Tiltaksplan 2009 - 2012

9f4e63015e0fd62d105568cf2a07be89f0536cb8Petter Skarheim
(Foto: www.udir.no

Del på