Tre glade pionerar

Ann Kristin Bjørnnes, Linda Otneim og Bjørg-Petra Brekke smilte breitt i det dei vandra ut frå munnleg eksamen. Dei er dei tre første som fullfører mastergraden i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering. Både sensor, professor Kristin Tornes frå Høgskolen i Molde, og fagansvarleg ved Høgskulen i Volda, Jon Olav Myklebust, var godt nøgde med kandidatane.

Master i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda og Høgskulen i Ålesund og legg vekt på meistring og myndiggjering av menneske i alle delar av livsløpet når det gjeld å handtere utfordringar i ulike situasjonar.

Meistring
Frå venstre: Sensor: Professor Kristin Tornes, Ann Kristin Bjørnnes, Linda Otneim, Bjørg Petra Brekke og fagansvarleg Jon Olav Myklebust.

Det er dei første tre av i alt ni studentar som no har fullført. -Dei andre seks er godt i rute, og vil truleg fullføre i løpet av neste semester, seier fagansvarleg Jon Olav Myklebust.

No ventar nye utfordringar dei tre kandidatatane. Otneim har fått jobb innanfor psykisk helsevern i Volda kommune, Bjørnnes søkjer nye stillingar medan Brekke reiser attende til stillinga si som ergoterapeut i Bærum.


Del på: