Vevsidelansering med Bragepris-vinnar og elevar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ny_vevside_1Eitt av dei nye tilboda som vert lansert er Nynorskbok.no. - Mange lærarar spør Nynorsksenteret om tips til gode, nye nynorskbøker dei kan bruke i skulen og tilrå for elevane sine, difor laga me vevsida Nynorskbok.no, fortel Anne Steinsvik Nordal, leiar for Nynorsksenteret. Sida inneheld tips til nye, nynorskspråklege bøker som kan fungere godt for ulike lesargrupper. Dei nyaste tipsa ligg kronologisk på framsida, medan brukarane i sidemenyen kan finne bøkene sorterte etter sjanger, emne eller aldersgruppe.

Den fyrste boka som vart presentert på Nynorskbok.no var Happy av Linn T. Sunne. Litt seinare vann boka Brageprisen 2007 som beste barne- og ungdomsbok. Difor tykte Nynorsksenteret det var høveleg å få nett Linn T. Sunne til å kome på lanseringa og snakke og lese for elevane og dei andre som er til stades. Slik vil dei frammøtte ikkje berre få presentert ei vevside der dei kan finne tips til god, moderne nynorskspråkleg litteratur, men dei vil òg få oppleve noko av den litteraturen.

Eit anna nytt tilbod er den nye tekstbasen på vevsida. Basen er ei samling av nynorske sakprosatekstar til bruk i grunnskulen og i vidaregåande skule. Tekstane, som er autentiske tekstar henta frå ulike aviser, blad og nettstader, viser mange ulike sjangrar og stiltypar. Nynorsksenteret gjer det slik lettare for lærarar og elevar å finne fram til gode nynorske døme når dei skal arbeide med artiklar, intervju, reklamar, reportasjar og liknande.

Del på