Vil betre livskvaliteten

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Helge Hamsaas er prosjektleiar for konferansen Kunstfag på livet laust.
- Vi fokuserer på kunstfag som eit verkemiddel for å fremje meining og meistring for menneske med særskilde behov, fortel Hamsaas.

Seanse, senteret for kunstproduksjon, er eit nasjonalt senter som har som mål å skape kvalitetsproduksjonar for barn og unge over heile landet. Senteret er ein kompetanse- og utviklingsarena for samarbeid mellom barnehage, skule og kunst.

Hamsaas har vore med frå starten. I 34 år har han undervist musikk ved Høgskulen i Volda. No har han slutta å undervise, og konsentrerer seg om Kunstfag på livet laust.

Gjennom samarbeid med Merkesteinane fekk han interesse for å jobbe med musikk og psykisk utviklingshemma.
- Eg har sett og erfart mykje om kva musikk gjer med menneske med nedsett funksjonsevne både i inn- og utland, seier Hamsaas.

Kultur på programmet

Ideen til Kunstfag på livet laust kom då Hamsaas kombinerte musikkundervisning med Merkesteinane. ( http://www.pedit.no/org/merkesteinane/ ) Den talentfulle gruppa har vore ei stor inspirasjonskjelde for Hamsaas, og Merkesteinane skal opptre på konferansen no i februar.

Dei siste åra har musikkstudentar fått ein heil dag saman med Merkesteinane, seier Hamsaas. Studentane frå snakke med musikkgruppa, og Merkesteinane spelar musikk til dei.
- Undervisningsopplegget omfattar ei rad felles aktivitetar mellom studentar og Merkesteinar. Dette skaper eit hav av kjensler med mykje latter og tårer, fortel Hamsaas.

Gjennom Merkesteinane har Hamsaas sett at behovet og interessa for å bruke musikk som verkty i habilitering er stort.

fd2629f13aeae3c89fbf7a7372e0375824285d79
Arild Halse frå Merkesteinane og prosjektleiar for Kunstfag på livet laust, Ivar Helge Hamsaas.

Den kulturelle skulesekken

I 2008 kom ein rapport frå Stortinget, om Den kulturelle skulesekken. Der står det blant anna om ei evaluering som NIFU STEP gjorde om tilrettelegginga for elevar med nedsett funksjonsevne. Ut frå denne evalueringa kjem det fram at det vert reflektert lite rundt menneske med funksjonsnedsetting.

Kven som skal ta ansvaret for denne gruppa er det usemje om. Nokre fylkeskommunar meiner at tilrettelegginga må skje i den enkelte kommunen, og at skulen har ansvaret. Andre fylkeskommunar meiner at utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen lyt ta ansvar.
- Det er då lett at ansvaret blir pulverisert, og at ingen kjenner seg pliktig til å gjer noko, seier Hamsaas.

Det er eit overordna mål i kulturpolitikken å sikre at personar med nedsette funksjonsevner skal ha same høve til å delta i kulturlivet som folk flest.

Kunstfag på livet laust

Ifølgje evalueringa til NIFU STEP framhevar dei sterkt behov for å betre tilrettelegginga av tilbodet til barn og unge med nedsett funksjonsevner. Men korleis skal ein kunne betre tilbodet om ein ikkje har kunnskapen om kva, kvifor og korleis? Dette er noko ein vil sjå nærare på under konferansen. Seanse ynskjer blant andre å nå personale som arbeider med funksjonshindra i barnehage, skule og kulturskule.

På konferansen blir det ulike innslag av til dømes Merkesteinane og "Full Pakke", ein musikal av ei teatergruppe frå Stryn arbeidssenter. Det vil også vere fagpersonar som fortel kva rolle kulturfaga spelar for funksjonshindra menneske.

Detaljert programoversikt kan du sjå på www.seanse.no  

44b1f70d9ebdc560fc2e2d800050f7e5ca67d7a9
Merkesteinane på scenen

Del på