Endra opptakskrav: No kan fleire bli lærarar

Når ledige studieplassar blir lagt ut 20. juli, kan alle med generell studiekompetanse søke seg til grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda (HVO).

Det betyr at karakterkrava i norsk og matematikk, og dei generelle poengkrava, fell bort og at generell studiekompetanse gjeld som opptakskrav. Endringa gjeld for hausten 2024 og kjem etter eit forslag frå Kunnskapsdepartementet.

Ved HVO gjeld dette både for grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn.

Motiverte søkarar får plass

Dette er gode nyheiter for fleire som har gått rundt med ein lærardraum i magen, meiner Eivind Patrick Hanevik, studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga ved HVO.

– Det betyr at til dømes ein som har ønska å bli lærar, men kanskje marginalt nok ikkje har klart matematikk- eller norskkravet, no likevel kan bli lærar. Vi har hatt motiverte søkarar tidlegare som vi har måtte sagt nei til, fortel Hanevik og held fram:

– Ta eit døme med ein som ønsker å undervise i norsk og engelsk, men tidlegare vart stoppa av matematikkravet, no kan hen få bli ein god språklærar i ungdomsskulen.

Avhjelper lærarmangel

Lærarmangelen i Noreg er stor, så også i regionen rundt HVO. I nokre kommunar er så mange som 20 prosent av lærarane ufaglærte.

Hanevik og HVO håper at endringa i opptakskrava, som myndigheitene initierte, kan avhjelpe situasjonen noko.

– Vi ønsker å rekruttere så mange som mogleg til et trygt og godt yrke, med ei god startlønn som lektor på om lag 600.000 kroner, seier studieleiaren.

– Solide lærarar også i framtida

Kvaliteten på lærarane som blir uteksaminert etter å ha kome inn på studiet gjennom dei nye opptakskrava, treng vi ikkje å bekymre oss for, ifølge Hanevik. Myndigheitene har kravd at lærarutdanningsinstitusjonane skal ha kompenserande tiltak klare, for å nettopp sikre gode lærarar også i framtida.

I Volda vil det blant anna bety at studentane skal ha utdanningssamtale kvart år, der dei får individuell oppfølging av ein faglærar. Tidlegare har studentane hatt dette berre det første året. På den måten får kvar enkelt student enda tettare oppfølging no.

Ein vil også ha ei styrking av matematikkundervisninga generelt, med fokus på talforståing og statistikk, som også kan vere relevant for andre fag.

Høgskulen vil bygge ut kjeldekurset ein har i dag for å få meir opplæring i akademisk skriving og lesing. Ein vil også styrke emnet Profesjonsskriving på nynorsk og bokmål, som er obligatorisk for alle grunnskulelærarstudentar det første studieåret.

– Vi er trygge på at vi vil utdanne solide lærarar også i åra framover, desse endringane er berre med på å bygge opp under det og vil kome alle grunnskulelærarstudentar til gode, slår Hanevik fast.

Mange godar som lærarstudent i Volda

  • I tillegg til ei solid startlønn på om lag 600.000 kroner som lektor, er det fleire godar for nyutdanna lærarar.
  • Om ein fullfører grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn, kan ein få sletta 106 000 kroner av studielånet. Føresetnadane er at ein fullfører utdanninga på normert tid og at ein har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.
  • Om ein fullfører grunnskulelærarutdanning for 5.–10. trinn og jobbar som lærar i minst tre år, kan ein få sletta 51 000 kroner av studielånet.

– I tillegg er det eit yrke der du får deg jobb over heile landet, du er etterspurd! Du får ein spennande jobb der ingen dag er lik og du får vere med å forme barn og ungdom, seier Hanevik.

  • Studerer du i Volda får du også ei utdanning der digital kunnskap og bruk av ny teknologi i undervisninga er ein naturleg del i alle fag. HVO har ein heilt eigen læringsverkstad som er mynta på nettopp dette. Høgskulen har også gode praksisperiodar både i inn- og utland.

Les meir om det å bli lærar i Volda her.

Del på