E-læringskompetanse frå Helse Midt-Noreg skaper tiltak i Australia

Tekst: Webmaster Volda

- Prosessen er eit samarbeid mellom Helse Midt-Noreg, Curtin University og Norsk Nettskole i Volda. Prosjektet byggjer på prosjektet "Lev eit friskare liv - på nett" som i stor grad vart utført ved Høgskulen i Volda på oppdrag frå KPI, fortel Jan Ove Bolsø ved Høgskulen i Volda.

Dei to kursa som skal omformast for nettbasert leveranse er utvikla mellom anna av Professor Tanya Packer ved Curtin University i Perth, Western Australia.

Kursa er bygde etter same logikk som Lev eit friskare liv, der pasientar både får nye kunnskapar om sjukdommen sin og får møte andre med same typar vanskar. Denne prosessen har ein gjennom Lev eit friskare liv klart å få til på nett - takka vere mellom anna ressursar ved Høgskulen i Volda og Norsk Nettskole.

Det norske bidraget er kunnskapar om prosessen med å gjere tradisjonelle kurs om til nettbaserte kurs og den læringsplattforma som vert nytta. Båe desse to kompetanseområda er utvikla med utgangspunkt i samarbeidet mellom Høgskulen i Volda og Norsk Nettskole.

Roar Stokken, doktorgradsstipendiat ved KPI, skal bistå Centre for Research into Disability and Society School of Occupational Therapy ved Curtin University of Technology i denne prosessen. Bakgrunnen for dette er at "Lev eit friskare liv - på nett" vart presentert på ein konferanse i Hong Kong våren 2004.

Grunnen til at Helse Midt-Noreg går inn i dette prosjektet er både å vinne kunnskapar om opplæring av pasientar og pårørande som kan bidra til vidareutvikling av feltet, og for å finne ut om det kan vere grunnlag for å tilby desse kursa i Noreg.

Eit vesentleg grunnlag for samarbeidet er ein felles forståing mellom Helse Midt-Noreg og Australia om at læring er meir enn det å få kunnskapar. Ein må også ha krefter til å setje i gong med endringa og ein må ta høgde for at det skal levast eit sosialt liv medan ein må gjere ting på ein annan måte.

Medan helsetenesta gjennom behandling kan påverke helsa direkte, er biletet ikkje så enkelt ved livsstilsendringar. For å skape desse endringane er det naturleg å ta i bruk opplæring - men det er ein prosess som krev pedagogisk tilrettelegging.

Del på