Harald Endre Tafjord har disputert

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

4f67a8b966f91362103cc612c7aaf406e6ed7188

Dei involverte i disputasen: Frå venstre siderettleiar professor Hans Jacob Orning (HVO / Universitetet i Oslo), andreopponent lektor Kurt Villads Jensen (Syddansk universitet), doktorand Harald Endre Tafjord, førsteopponent professor David Abulafia (Universitetet i Cambridge) og hovudrettleiar professor Jon Vidar Sigurdsson (Universitetet i Oslo). Foto: Arnfinn Kjelland.

Dei mange frammøtte frå historisk institutt og HVO rektor Per Halse kunne etter endt disputas konstatere at Tafjord hadde svara godt for seg og at det vart ein interessant disputas med diskusjon på høgt nivå.  Tafjord er den første stipendiaten tilknytt historisk institutt som har gjennomført doktorgradsprosjektet.

Mellomalderhistorikar Tafjord har i si forsking studert Spania i kulturmøtet blant anna mellom kristne og muslimar, noko som også set dagsaktuelle hendingar i eit historisk lys.

Doktoravhandlinga til Tafjord har tittelen: «Conflict, Friends and Ideology: Aspects of Political Culture in Early Twelfth-Century Castile-Leon» eller på norsk: «Konflikt i mellomalderens Iberia». Materialet i avhandlinga er gamle nedteikningar frå 1100-talet frå kongeriket Kastilla-Leon i Nordvest Spania. På denne tida hadde Kastilla-Leon fleire muslimske naboland, men konfliktar og samarbeid kunne både følgje og gå på tvers av religiøse skiljeliner. Tafjord lærte seg latin og spansk for å kunne studere materialet og skrive avhandlinga.

Temaet er kopla til masterstudiet i Kulturmøte som har hatt spansk mellomalder som eitt prioritert tema, ved sidan av kulturmøte og konfliktar knytt til Nordsjøen og Midt-Austen.

Etter levert doktoravhandling har Harald Endre Tafjord halde fram med forskingsarbeid om mellomalderen ved Høgskulen i Volda. Det gjer han gjennom sitt arbeid med Fylkessoga for Sogn og Fjordane.

Les meir:

På Universitetet i Oslo sine nettsider finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Harald Endre Tafjord.
http://www.hf.uio.no/iakh/forskning/aktuelt/arrangementer/disputaser/2013/tafjord.html

Presentasjon av doktorgradsprosjektet på Harald Endre Tafjord si nettside på hivolda.no:
http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/utvida-sok/sokjeresultat/?&displayitem=132&module=admin

Meir om kongedømmet Kastilja og Leon på Wikipedia (engelsk):
https://en.wikipedia.org/wiki/Castile_and_Le%C3%B3n#History

Del på