HVO-studentar skriv for PLAN

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

PLAN er eit tidsskrift for samfunnsplanlegging, bolig og byplan og regional utvikling. Studentbidraga startar på side 46, og oppe til høgre på sidene går det fram kva utdanningsinstitusjon studentane representerer.

Høgskulelektor Randi Bergem ved HVO er ikkje i tvil om at det betyr mykje for studentane å sjå at eit anerkjend tidsskrift som Plan tek inn arbeida deira.

54b9023ca4846906f8a850fbfb13e3d4
Gro Bårdseth (t.v.) og Ingvil Endal er to av frå HVO som har bidrege i tidsskriftet Plan.

– Det er svært positivt, og ei anerkjenning, for studentar at eit tidsskrift som PLAN vil bruke store deler av eit tidsskriftnummer til å publisere frå studentoppgåvene. Det betyr at tidsskriftet ser verdien av å formidle studentarbeid til akademiske miljø, politikarar og offentleg forvaltning. Ikkje minst betyr det at tidsskriftet meiner at studentarbeida har god fagleg kvalitet. Det gir studentane sterkare tru på at dei har kunnskap og kompetanse som er svært nyttig i  arbeidslivet. For somme har det også gitt meirsmak med tanke på å studere vidare, og å skrive for publisering.

Ho meiner også at der eit godt signal for Høgskulen i Volda.

– At studentar frå  Høgskulen i Volda publiserer i eit tidsskrift som PLAN er med på å markere HVO i offentleg forvaltning, overfor politikarar og forskingsmiljø. Det gir generell publisitet for HVO, og det viser at studentarbeid gir fagkunnskap som utdanningsinstitusjonar, offentleg forvaltning og privat næringsliv treng. For studiet Helse og omsorg i plan betyr det at idèen om å bruke mykje tid på oppgåver, der føremålet er å kople faglege arbeid tett til studentane sine arbeidsfelt i praksis, er god. I framtidig marknadsføring av studiet, vil vi sjølvsagt kunne trekke inn at prosjektoppgåvene har vore brukte på denne måten.

3630d7dd558517cd500162ac4127bcd5Samandraga er skrivne spesielt for PLAN, og er kvalitetssikra av både HVO og tidsskriftet. Sju av samandraga gjeld prosjektoppgåver som er skrivne av i alt 15 studentar som har teke emnet ved HVO.

Les meir om studiet i studiekatalogen.

Del på