Ny rapport: Høgskulane på Vestlandet leverer arbeidskraft til eigen region

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert


Det er professor Kåre Heggen (Høgskulen i Volda og Høgskolen i Oslo) og vitskapleg assistent Knut Gythfeldt som står bak den ferske rapporten «Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner? Likheter og ulikheter mellom høgskolene på Vestlandet og i hovedstadsregionen».

b87a322e51777e4d28e799d3258158ef61fc63c1

Professor Kåre Heggen.

Velferdsutdanningar

Rapporten tek for seg både rekrutteringa til høgskulane og overgangen frå fullført grad til arbeid. Ein har relativt god kunnskap om høgskulane si geografiske rekruttering av studentar, men ein har visst mindre om rekruttering frå høgskule til arbeidsmarknad. Dette er den sentrale problemstillinga i forskingsarbeidet frå Heggen og Gythfeldt.

Vert verande der ein tek utdanning

Det sentrale funnet i studien er at høgskulane si lokalisering har stor betydning for rekrutteringa til arbeidsmarknaden. Minst ni av ti med utdanning som lærar, førskulelærar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog og vernepleiar, som har tatt utdanninga si i same region som dei er oppvaksne i, er også i arbeid i same region både to og fem år etter ferdig utdanning.

Viktig med lærarutdanning i Møre og Romsdal

– Dette er viktige funn med tanke på blant anna rekrutteringa til læraryrket. Dette tyder på at vi må ha lærarutdanning i fylket vårt, seier professor Heggen.

Eit samandrag av rapporten. Sjå også NRK Møre og Romsdal


 

Del på