To nye artikkelsamlingar om ungdom i rørsle

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I den første artikkelsamlinga skriv Jan Ove Ulstein om norsk ungdomsarbeid i eit historisk fugleperspektiv. Elles i denne samlinga gjer mange av dei sentrale aktørane innan kristeleg ungdomsarbeid sjølve greie for sitt arbeid og sine arbeidsformer. Her er artiklar frå t.d. KFUK-KFUM, Norsk Luthersk Misjonssamband, Pinserørsla, Norske Unge Katolikker, Metodistkirken  m.fl.

I den andre artikkelsamlinga er det faglege perspektiv på ungdomsarbeid som er i fokus. Her er det artiklar omkring konfirmasjonen, ungdomsarbeid i karismatiske miljø, ungdomskultur, risikosøking, musisk arbeid m.m. Her er det artiklar frå Kåre Heggen, Magnar Hjertenæs, Asbjørn Simonnes, Jan Ove Ulstein og Per Magne Aadnanes frå Høgskulen i Volda, i tillegg til mange sentrale fagpersonar/forskarar innan fagfeltet ungdomsarbeid.

Artikkelsamlingane er utgjevne på Tapir Akademisk Forlag og er å få kjøpt/tinga hjå din lokale bokhandel.

Del på