Rapport om brubygging mellom Sør og Nord

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

51331a4a59c89b3f2d92319505e802df2c7599c5

Evalueringa av utvekslingsprogrammet tyder på at fk-deltakarane har blitt gode brubyggjarar mellom Sør og Nord , den viktigaste målsettinga med prosjektet.
Lærarutdanninga ved HVO gjennomførte i perioden 2003-2008 Fredskorpset Ung prosjektet ’Utveksling for utvikling’. Dette var eit partnarprosjekt mellom fire lærarutdanningsinstitusjonar i Malawi(2) og Namibia(2) og HVO. Ved HVO var fk-ung-utvekslinga organisert som eit samfunnsfagstudium på 30 studiepoeng med eksamen der alle deltakarane  måtte vise at dei hadde tileigna seg god kunnskap om vertslandet, om FNs Tusenårsmål og om skule og utdanning i Norge.  83 utvekslingsstudentar (39 frå Norge, 24 frå Malawi og 20 frå Namibia) gjennomførte utvekslingsstudiet der tre månaders opphald ved partnarinstitusjon i vertslandet var  ein sentral del av opplegget. Dette vart i stor grad finansiert av det norske Fredskorpset / fk-Norway.

Erfaringar frå klasseromet

Odd Ragnar Hunnes og Norleif Vik har skrive rapport om prosjektet basert på observasjonar, intervju, spørjeskjemaundersøking og undervegsrapportar. Dei seier at det var særleg informativt og spennande å vere til stades i klasserom i Malawi og Namibia der deltakarane no er lærarar.

Lærarstudentane frå Malawi og Namibia var svært opptekne av tilhøvet mellom lærar og elev slik dei opplevde dette i Norge. Undervising om læreplanar og metodikk og mange besøk i klassar ved grunnskule og vidaregåande skule gav mange impulsar som dei har teke med tilbake til heimlanda sine. Det kom tydeleg fram at kunnskap som dei tileigna seg i samband med utvekslinga, no vart brukt i eiga undervisning. Dei underviste med entusiasme om Norge og det dei hadde opplevd her, og vitelystne elevar stilte spørsmål.

Dei norske deltakarane hadde eit tilsvarande opplegg. Dei peikar særleg på at dei gjennom besøk i afrikanske klasserom opplevde at det går an å drive god opplæring sjølv om rammevilkåra er vanskelege. Typisk var sparsamt utstyrte og overfylte klasserom.

Både dei norske og dei afrikanske deltakarane peika på møte med ”kvardagen i vertslandet”  som ein svært viktig del av utvekslinga. Dei fekk god kontakt med elevar og lærarar i og utanfor klasseromet, noko som var avgjerande viktig i dette prosjektet.

b9c72482c82eb5c704fd8d24321346bddd89d799

Nokre av deltakarane frå 2007-klassa

Tilbakemelding frå deltakarane

Deltakarane sine tilbakemeldingar om dei mange ekskursjonane i programmet var også svært positive. Dette gav grunnleggande innsikt i og forståing av ukjend natur, kultur, næringsliv og samfunn. Alt dette er viktig for framtidige samfunnsfaglærarar slik at utvekslingsprogrammet påverkar deira framtidige undervisning på ein positiv måte. Dei ser også på seg sjølve som viktige brubyggarar mellom samfunn i Sør og Nord.

Det heiter at ’Kjennskap gir vennskap’, og dette var eit viktig mål for utvekslingsprosjektet. Deltakarane har sagt mykje positiv og litt negativt om forventningar og realitetar i møtet med eit ukjent samfunn og studentmiljø. ’I den samanhengen er det interessant å høyre ein afrikansk deltakar reflektere over at afrikanarar og nordmenn har ganske ulike oppfatningar av kva vennskap eigentleg går ut på,’ kommenterer dei to til slutt. 

DVD-dokumentar som vedlegg til rapporten

Jann-Robert Junker har undervist deltakarane i IKT og redigert årlege videoprogram. Han var med på evalueringsreisa og har produsert ein DVD-dokumentar frå Malawi, Namibia og Norge. Du kan sjå utdrag frå DVD-en i videoen under.

Lenke til rapporten på FoU-sidene

Meir om Fredskorpset-Ung-prosjekta


Del på